I tillegg til individuelle renn i sprint og fellesstart vart også arrangert mix-stafett. Dei beste resultata av løparane frå Sogn og Fjordane var det Sigrid Flo Bødal, klasse 18 år damer, og Johan-Olav Smørdal Botne, klasse 18 år menn, som hadde. På sprinten fredag gjekk Sigrid Flo Bødal inn til ein glimrande 2. plass. På fellesstarten vart 4. plass på Sigrid. Johan Olav Smørdal Botn vart nummer sju på sprinten på fredag, og nummer fem av dei 70 deltakarne som fullførte fellesstarten laurdag.

På mix stafett i klasse 17 – Senior vart det ein flott 11. plass til Sogn og Fjordane sitt andrelag. På laget gjekk Trygve Aaland Tryggestad, Mari Sollid Eide og Johan Eirik Meland. Mari Sollid Eide gjekk første etappe, og veksla som lag nummer 18, nesten to minutt etter Oppland som hadde Karoline Knotten på 1. etappe. Johan Eirik Meland gjekk andreetappen og veksla som lag nummer 11. Trygve Aaland Tryggestad heldt stillinga og laget enda på 11. plass. Sogn og Fjordane 1 enda på 14 plass. Her gjekk Heidi Flo Bødal 1. etappe, Jarle Gjørven Midthjell andre og ankermann var Ole Martin Erdal.

Klasse 17-18 år:

I klassen 17-18 år vart det ein flott 8. plass til Sogn og Fjordane sitt lag. Her gjekk Sigrid Flo Bødal første etappe og veksla som lag nummer 12. Aksel Mathias Meland gjekk andre etappe og gjekk laget opp til åttande plass. På siste etappe gjekk Johan-Olav Smørdahl Botn. Han heldt plasseringa og laget vart til slutt nummer åtte av dei 34 laga som stilte til start.

Resultat lokale skiskyttarar.

Fredag DNB Cup/Statkraft Cup 4 Sprint:

Menn senior:

29. Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL,27:09,8 +02:22,9 (0-2)

31. Johan Eirik Meland, Markane IL, 27:15,8 +02:28,9 (0-2)

Menn 19 år:

19. Isak Hopland, Hardbagg IL, 22:34,1 +02:00,7 (0-2)

25. Erlend Bakken, Markane IL, 22:55,2 +02:21,8 (0-2)

50.Grim Nygård, Markane IL, 25:09,8 +04:36,4 (0-2)

54. Andreas Halsteinslid, Markane IL, 25:26,1 +04:52,7 (1-2)

57. Odd Sindre Tonning, Markane IL, 26:00,7 +05:27,3 (2-1)

Menn 18 år:

7. Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL, 22:13,0 +00:53,4 (0-2)

32. Meland , Aksel Mathias Markane IL, 24:00,6 +02:41,0 (3-0)

33. Vegard Skrede, Hardbagg IL, 24:07,1 +02:47,5 (1-4)

Kvinner senior:

8. Heidi Flo Bødal, Stårheim IL, 25:42,2 +02:27,4 (1-1)

20. Mari Sollid Eide, Stårheim IL, 27:09,9 +03:55,1 (0-1)

Kvinner 19 år:

17. Ingrid Gausemel, Hornindal IL, 23:41,0 +04:28,6 (1-2)

Kvinner 18 år:

2. Sigrid Flo Bødal, Stårheim IL, 19:29,6 +00:15,5 (0-1)

Kvinner 17 år:

28. Anne Marie Roset, Markane IL, 23:53,0 +03:35,7 (1-2)

33 Kari Alsaker, Markane IL, 24:22,2 +04:04,9 (1-2)

Laurdag NM/NC Fellesstart

Kvinner senior:

17. Heidi Flo Bødal, Stårheim IL, 46:12,0 +04:49,6 (3-1-1-2)

19. Mari Sollid Eide, Stårheim IL, 47:13,7 +05:51,3 (0-1-1-0)

Kvinner 19. år:

16. Ingrid Gausemel, Hornindal IL, 31:25,8 +04:08,6 (1-0-1-0)

17. Elise Skeide Bakke, Eid IL - skiskyting 31:45,6 +04:28,4 (0-1-0-0)

Kvinner 18 år:

4. Sigrid Flo Bødal, Stårheim IL, 28:05,2 +00:35,2 (1-0-0-3)

Kvinner 17 år:

32. Kari Alsaker, Markane IL, 35:00,9 +07:03,6 (2-2-1-2)

37. Anne Marie Roset, Markane IL, 37:03,2 +09:05,9 (3-1-4-2)

Menn 19 år:

26. Isak Hopland, Hardbagg IL, 31:06,4 +03:02,2 (1-2-1-2)

30. Erlend Bakken, Markane IL, 31:34,9 +03:30,7 (1-0-2-2)

46. Grim Nygård, Markane IL, 34:23,9 +06:19,7 (3-2-0-1)

54. Andreas Halsteinslid, Markane IL, 35:08,1 +07:03,9 (3-3-1-2)

55. Odd Sindre Tonning, Markane IL, 35:52,1 +07:47,9 (2-4-0-3)

59. Håkon Midthjell Gjørven, Markane IL, 37:56,6 +09:52 (4 4-4-4-1)

Menn 18 år:

5. Johan-Olav Smørdal Botn, Stårheim IL, 29:46,4 +00:44,2 (1-1-1-2)

34. Aksel Mathias Meland, Markane IL, 32:19,0 +03:16,8 (2-3-0-2)

38. Vegard Skrede, Hardbagg IL, 32:43,6 +03:41,4 (2-4-2-2)

Johan-Olav Smørdal Botn gjekk inn til ein flott 5. plass på fellesstarten i Norgescupen på Røros i Helga. Foto: Trine Rand
På mix stafett i klasse 17 – Senior vart det ein flott 11. plass til Sogn og Fjordane sitt andrelag. På laget gjekk Trygve Aaland Tryggestad, Mari Sollid Eide og Johan Eirik Meland Foto: Trine Rand
I klassen 17-18 år vart det ein flott 8. plass på Sogn og Fjordane sitt lag. Her gjekk Sigrid Flo Bødal første etappe. Aksel Mathias Meland, andre etappe, og Johan-Olav Smørdal Botn var ankermann. Foto: Trine Rand