Mest spenning var det knytt til om Kasper Mundal i klassen gutar 14 år, skulle følgje opp den gode sprinten på laurdag med ein like god normaldistanse på søndag. Vi kan med ein gong slå fast at Kasper innfridde. Med feilfri skyting var han heile knappe fire minutt framfor Hallvard Engeset Woldsund, Volda Turn og IL, i mål. Tredjeplassen i denne klassen vart delt mellom Patrick Isene, Stårheim IL, og Tord Sølvberg, Hardbagg IL.

På laurdagens sprintdistanse var det Trygve Myrold, Stårheim IL, som gjekk sigrande ut i trettenårsklassen for gutar, med Emilian Henden, Eid IL - skiskyttargruppa, på andreplass. Under normaldistansen vart det revansj for Emilian Henden. I mål var skilnaden litt over minuttet i Eid-løparen sin favør.

På sprinten laurdag måtte både Lasse Flo Bødal og Ask Haughovd, begge Stårheim IL, sjå seg slått av Oskar Guddal Breivik, Markane IL. På normaldistansen søndag var det berre Lasse og Ask som stilte opp. Oppgjeret mellom dei to var spennande til  siste slutt. Lasse bomma tre gonger på første skyting, medan Ask greidde å prikke inn fire av dei fem blinkane. På siste skyting skaut Ask feilfritt, medan Lasse fekk ein bom. Trass i betre skyting var det Lasse Flo Bødal som trekte det lengste strået og slo Ask med fattige 19 sekund i mål.

I jenter 12 år var Elida Fuglem, Valldal IL, suveren. Etter å ha blitt nummer to på sprinten laurdag, tok Fuglem skikkeleg revansje søndag. Med feilfri skyting var ho eitt minutt og ni sekund føre Frøya Haughovd, Stårheim IL, i mål. Tredjeplassen var det Mari-Sofi Meland, Markane IL, som tok seg av. Sam plassering som ho hadde på sprinten laurdag.

I jenter 13 år stod det mellom tre jenter. Her var det Linnea Melheim Espe, Stårheim IL, som tok sgeren 17 sekund framfor Vilde Aasprong, Tingvoll IL, med Eline Mathea Myren, Valldal IL, på tredjeplass.

I jenter 14 år var det berre to deltakarar som gjorde opp om sigeren. Lotte van Oorschot, Stårheim IL, gjekk i mål 4 og eitt halvt minutt framføre Johanne Ringdal Sæter, Sunnylven IL, som berre fekk ned to av ti blinkar på dei to skytingane.

I 15-årsklassen for jenter var det knytt spenning til om Oselie Henden, Eid IL - Skiskyting,  som sto over sprinten laurdag, kunne hamle opp med Gunn Kirsti Tvinnereim, Hardbagg IL, og Ingrid Heggen, Stårheim IL. Igjen var det Gunn Kirsti Tvinnereim som vann. Ho hadde fullt hus på den første skytinga og to bom på den siste. Oselie Henden hadde totalt 5 bom og Ingrid Heggen fire. I mål har Gunn Kirsti to minutt og ti sekund føre Ingrid og halvtanna minutt føre Oselie.

For andre resultat viser vi til resultatlista.

Deltakarar dutar 10 nybyrjarar og yngre:

Heine Fuglem, Valldal IL,

Elias Endal Hellesø, Stårheim IL,

Trym Helset, Sunnylven IL,

Ådne Horne, Stårheim IL,

Rasmus Loen, Markane IL,

Jørn Marius Myren, Valldal IL,

Osvald Georg Hammer Nygjerde, Volda Turn og IL,

Eirik Sigdestad, Volda Turn og IL,

Deltakarar fenter 10 nybyrjarar  og yngre:

Thea-Elise Botn, Stårheim IL,

Ronja Haughovd, Stårheim IL,

Konstanse Henden, Eid IL - skiskyting,

Kristina Hanebrekke Hildenes, Stårheim IL,

Kaja Kindsbækken, Tingvoll IL,

Jenny Hammer Nygjerde, Volda Turn og IL,

Jenter 11-12 nybyrjrara:

Ada Borgund, Stårheim IL 16:54 (0-0)

Deltakarar gutar 9-10 år:

Georg Hopland, Hardbagg IL,

Magnus Ytre-Hauge Ivesdal, Stårheim IL,

Olve Dalebø Mork, Volda Turn og IL,

Mathias Olsen Skrede, Hardbagg IL,

Truls-David Takle Tytingvåg, Hardbagg IL,

Gutar 11 år:

Esekiel Henden, Eid IL - skiskyting, 14:57 (1-0)

Jonas Rand Hopland, Hardbagg IL, 19:52 (1-1)

Rasmus Normann Hellevang, Hardbagg IL, 21:02 (1-3)

Jekabs Toms Freimanis, Hardbagg IL, 22:35 (1-1)

Jenter 11 år:

Katrine Svarstad Heggdal,  Markane IL, 16:10 (2-1)

Inger Hjelmeset, Markane IL, 16:39 (2-2)

Oda Svarstad Hole, Markane IL, 17:08 (0-0)

Frida Mundal, Stårheim IL, 19:56 (2-3)

Gutar 12 år:

1. Torje Seljeset, Hornindal IL, 14:30 (2-1)

2. Kevin Sigdestad, Volda Turn og IL, 15:20 (0-1)

3. Elias Helset, Sunnylven IL, 16:39 (1-0)

4. Eirik Tvinnereim, Hardbagg IL, 17:35 (2-2)

5. Vetle Dalebø Mork, Volda Turn og IL, 19:29 (0-3)

Jenter 12 år:

1. Elida Fuglem, Valldal IL, 14:30 (0-0)

2. Frøya Haughovd, Stårheim IL, 15:39 (0-0)

3. Mari-Sofi Meland, Markane IL, 16:26 (0-0)

4. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, 16:27 (3-1)

5. Silje Nerli, Valldal IL, 16:50 (0-1)

6. Sara Annie Aarnes, Markane IL, 17:02 (1-2)

7. Sofie Støverstein, Sunnylven IL, 17:34 (0-1)

8. Johanne Hoggen Totland, Volda Turn og IL, 17:37 (1-0)

9. Signe Meek Aaslid, Volda Turn og IL, 18:12 (0-0)

10. Lone Ringdal, Sunnylven IL ,18:26 (1-0)

11. Ingunn Amalie Hopland, Hardbagg IL, 18:47 (1-1)

Gutar 13 år:

1. Emilian Henden,  Eid IL - skiskyting,  20:57 (3-2

2. Trygve Myrold, Stårheim IL, 22:00 (5-4)

3. Peder Hanebrekke Hildenes, Stårheim IL, 24:48 (4-3)

4. Martinus Lid, Volda Turn og IL, 25:02 (2-3)

5. Sondre Hagen Sæterås, Volda Turn og IL,  29:47 (4-3)

Jenter 13 år:

1. Linnea Melheim Espe, Stårheim IL, 19:50 (1-1)

2. Vilde Aasprong, Tingvoll IL, 20:07 (2-0)

3. Eline Mathea Myren, Valldal IL, 21:22 (1-3)

Gutar 14 år:

1. Kasper Mundal, Stårheim IL, 15:51 (0-0)

2. Hallvard Engeset Woldsund, Volda Turn og IL, 19:46 (0-2)

3. Tord Sølvberg, Hardbagg IL, 20:05 (3-4)

3. Patrick Isene, Stårheim IL, 20:05 (3-2)

5. Sondre Roset, Hardbagg IL, 21:56 (4-1)

6. Anders Svarstad Hole, Markane IL, 22:42 (3-2)

7. Isac Indreeide, Valldal IL, 22:58 (0-4)

Jenter 14 år:

1. Lotte Van Oorschot, Stårheim IL, 20:55 (2-2)

2. Johanne Ringdal Sæter, Sunnylven IL, 24:24 (4-4)

Gutar 15 år:

1. Lasse Flo Bødal, Stårheim IL, 18:14 (3-1)

2. Ask Haughovd, Stårheim IL, 18:33 (1-0)

Jenter 15 år:

1. Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL, 19:23 (0-2)

2. Oselie Henden, Eid IL - skiskyting, 20:53 (4-1)

3. Ingrid Heggen, Stårheim IL, 21:33 (3-1)

Gutar 16 år:

1. Magnus Seljeset ,Hornindal IL, 18:06 (1-1)

2. Magnus Midthjell Gjørven, Markane IL, 18:21 (1-0)

3. Torjus E Woldsund, Volda Turn og IL, 18:58 (2-0)

4. Rasmus Bersvein Tvinnereim, Hardbagg IL,  20:31 (3-1)