Søndag ettermiddag inviterte turngruppa i Eid IL til den årlege turnoppvisninga.  Tidlegare år har Eid Idrettshus vor fast stad for arrangementet . I år kunne turnarane invitere til oppvisning i den nye Eidahallen.

Stor gruppe

Det var imponerande å sjå kva turnarane, frå dei yngste femåringane til dei meir rutinerte, hadde tileigna seg. Men det mest imponerande er kor stor gruppa har blitt.

− Dei største gruppen er dei yngst. Gruppa av fem- og seksåringar tel i dag 52. Gruppa frå andre- og tredjeklasse er 35. Det same er gruppa som går i 4. og 5. klasse. Den nest eldste gruppa, som går i 6. 0g 7. klasse tel 35, medan dei eldste som går i åttande klasse og som er eldre, er totalt på 38, kunne styreleiar i turngruppa, Anita Lotsberg, fortelje.

− For å trene denne store gruppa har vi rundt 35 frivillige trenarar, la ho til.