− Vi er svært glade for å ønskje Bjørn velkommen som ny hovudtrenar og spelarutviklar for i Førde fotball. Totland er ein ung og ambisiøs trenar som legg vekt på å skape ein sterk treningskultur som fundament for all sportsleg aktivitet i klubben, seier sportsleg leiar i FIL-fotball, seier Johan Pettersen, i pressemeldinga.

Totland skal også ha ei sentral rolle som spelarutviklar i klubben. Totland tar til som trenar i klubben 01.01.2017.

− Eg gler meg. Dette er noko eg verkeleg vil. Førde har eit enormt stort potensiale, og det skal bli kjekt å vere med å forvalte dei kapasitetane som er i klubben, seier Bjørn Totland.

Totland tar med seg til Førde fotballen ein filosofi om offensiv fotball, som i korte trekk kretsar rundt omgrepa løpskraft, gjenvinning og høgt press. Totland er også oppteken av at førde-fotballen skal ha lokale spelarar på laget som har stor treningsvilje.

Det er eit samla styre, administrasjon og støtteapparat som ønskjer Bjørn Totland velkommen til klubben!