Eid spelte sin siste kamp for serien i kveld, heimebane mot Førde 2, der resultatet blei 1-1. Etter kampen fekk dei utdelt pokalen for å ha vunne serien denne sesongen.

-Vi sette oss eit mål, og det har vi klart å oppnå, seier trenar Bjørn Totland.

-I fjor rykka vi ned frå 3. divisjon, og i år klarte vi å bli best i 4. divisjon. I fjor hadde vi mange unge spelarar, no har desse fått meir rutine, seier trenaren som forklarer tabelltoppen med mykje arbeid og trening.

-Mange av spelarane har trena to gonger for dag gjennom veka i løpet av sesongen. Dette gjev resultat.

Neste år skal dei på grunn av omlegging av seriane spele mot lag som kjem ned frå 3. divisjon. Dette er mellom anna Stryn, Årdal, Florø 2 og Sogndal 2.

-Konkurransen blir nok tøffare neste år. Men vi er klare til å jobbe vidare, seier Totland.