Den lovande spelaren er tatt ut i spissa gruppe for jenter fødde 2002 for sesongen 2016/17. Region Vest er for Hordaland og Sogn og Fjordane, og Danielle er altså éin av berre tre jenter frå Sogn og Fjordane blant dei 24 uttekne 2002-modellane. Dei to andre frå Sogn og Fjordane er Thea Sofie Mundal frå Sandane og Milli Fjæreide frå Florø.

Prioriterer handball

Denne helga skal ho på samling med spissa gruppe i Bergen. Samlingane føregår i Sotra Arena laurdag og Bjørnarhallen søndag. Med seg til Bergen har ho storesøster Ida, som også er trenar for laget ho spelar på til dagleg.

– Eg kjenner Thea Sofie frå SUM-samlingar (soneutviklingsmiljø) tidlegare. Elles kjenner eg ingen, så eg er veldig spent på alt som skal skje i helga, seier Danielle.

Grunnlaget for uttaket til spissa gruppe er ei stor samling ho var på for nokre veker sidan i Bergen.

– Det er utruleg kjekt å bli tatt ut. Eg er både glad og stolt for å bli tatt ut, då det er handball er prioriterer mest, seier Danielle.

Speleforståing

Ho har også markert seg sterkt på fotballbana. Både i fotball og handball utmerkar ho seg blant anna med stor fart og god teknikk, men når det gjeld vurdering av seg sjølv er ho svært beskjeden.

– Eg synest sjølv at eg er litt god til å skjønne spelet, men eg kan bli betre på alt, seier ho.

Danielle fortel at det var mange gode spelarar på samlinga ho var på i Bergen for nokre veker sidan, og at ho derfor var overraska over å bli tatt ut i spissa gruppe. Ho byrja å spele handball i 3. klasse på barneskulen, og i dag spelar ho på Eid jenter 14 år.

– Av og til spelar eg med dei som er eldre, både på trening og kamp, men det blir mest med dei eg er på alder med, seier ho.

Likar best gym

Danielle er venstrehendt, og har sin faste plass på handballbana på høgrebacken. Ho er ein del av det sigersvande 2002-kullet på jentesida i Eid, og har derfor ein svært god treningskvardag med jamaldringar i begge idrettar. På spørsmål om kva fag ho likar best på skulen, er svaret ikkje overraskande.

– Det er gym og fysisk aktivitet og helse, svarar ho kjapt.

Neste seriekamp som Danielle og Eid jenter 14 år skal spele på heimebane er mot JotunÅrdalstangen laurdag 1. oktober. Denne helga går det to kampar søndag. Då skal Eid jenter 10 år spele to kampar mot Breimsbygda.

Heile uttaket til spissa gruppe:

Kamilla Bjørndal, Åsane

Ingrid Solvåg, Tertnes

Synne Bøe, Fyllingen

Celine Jensen, Fyllingen

Nathalie Rabendorolahy, Bergen

Erika Løvaas, Sotra

Emma Sørensen, Sotra

Stine Eide, Os

Milli Fjæreide, Florø

Andrea Holm, Stord

Lina Birgitte Hestad, Bergen

Marte Krogvik, Åsane

Amalie Hatland, Tertnes

Jenny Myklebust, Bergen

Henriette Nystad, Fyllingen

Marthe Hellevik, Bergen

Alexandra Ruud, Sotra

Martine Bildøy, Sotra

Stella Klivnoy, Vadmyra

Mathilde Pettersen, Kringlebotn

Anna Sandvik, Bønes

Kristin Beltestad, Fyllingen

Thea Sofie Mundal, Sandane

Danielle Starheimsæter, Eid