Alle fotballklubbar i Sogn og Fjordane er no invitert til å søkje på prosjektstøtte for opptil 50.000 kroner. Midlane skal tildelas klubbar eller lag som treng eit ekstra løft i arbeidet med borne- eller ungdomsfotballen.

Inspirasjon

I juryen som skal plukke ut kven som får tildelt pengar sit A-lagsspelarane Eirik Birkelund og Mahatma Otoo.

− Det er flott at peng også går til breiddeklubbane og ikkje berre toppidretten. Eg oppmoda alle klubbane til å søkje prosjektmidlar. Det er ikkje noko tiltak som er for lite og det er enkelt å søkje, seier Birkelund.

− Kan utrette mye

Søknaden må innehalde grunngjeving for kvifor prosjektet treng støtte og søknaden bør innehalde eit bilete som illustrera kva det søkjast støtte om.  Dei siste åra har Canal Digital støtta nye ballveggar, innkjøp av nytt treningsutstyr, utbetring av klubbhus og banar og realisering av fotballcup.

− 50 000 kroner høyres kanskje ikkje så mykje ut, men ute i dei ulike breiddeklubbane kan man utrette veldig mykje med dette beløpet. Me ønskjer søknadar til alle typar fotballprosjekt velkomen, men det gjeld å vere raskt ute. Søknadsfristen går ut snart, seier Birkelund.

Ein eigen jury med representantar frå Sogn og Fjordane fotballkrets, Sogndal Fotball, NTF og Canal Digital vil kåre vinnaren.

Søknad med grunngjeving, kontaktperson og eit relevant bilete sendas til: girtilbake@canaldigital.no. Søknaden må merkas med SOGNDAL FOTBALL (den eliteklubben som står for utveljinga). Søknadsfrist 27. september.