Det seier Jannicke Hagen Henden, Lisa Skarstein, Mirjam Bruvoll og Marita Tolaas som saman med Maria Hagen har etablert ei ressursgruppe for jentefotball i Eid IL Fotball.

Samlingar

Utgangspunktet er at ressursgruppa ønskjer at fleire jenter skal starte å spele fotball.

− Vi trur at jenter må spele på reine jentelag for å trivast med fotballen over tid, og at vi må bli flinkare å leggje til rette for nettopp dette. Vi startar arbeidet med å inviterer alle jenter i heile Eid til samlingar. Den første, som er for jenter frå seks til tolv år, arrangerer vi allereie komande laurdag. Seinare på hausten vil vi arrangerer samling for jenter frå tretten år og oppover, seier Jannicke Hagen Henden som understrekar at når dei no inviterer jenter frå alle krisane i kommunen, så er ikkje det meint som noko rekrutteringstiltak til Eid IL Fotball.

− Eid er ein av dei store klubbane i Sogn og Fjordane, og vi ønskjer å vise ansvar for alle jenter i Eid, seier Lisa Skarstein og legg til at dei vonar samlinga komande laurdag vil gje motivasjon og inspirasjon til å spele fotball langt utover hausten.

Leik og moro

− Vi må bli flinkare til å ha det moro på trening og i kamp. Når vi har det kjekt, yter vi best og vil vere i miljøet lenge. Det er også viktig å ta i vare gode sosiale relasjonar. Jenter er i større grad enn gutane avhengige av vennskap internt i laget. Vi må også bli gode på å gje eit differensiert tilbod til jenter som søkjer ulike utfordringar, seier damene i ressursgruppa.

Trivsel og deltaking

− Jenter er like ulike som gutar, difor er tilrettelagt trening for ulike ønskje og behov viktig for trivsel og deltaking. Jenter treng på lik linje med gutar å utvikle seg, å meistre aktiviteten sin. Til liks med gutane har jenter ulike ambisjonar, og vi må sørgje for at både dei mindre ambisiøse og dei mest ambisiøse jentespelarane får eit tilbod som tilfredsstiller dei. Det må vere lov å vere god og ikkje fullt så god. Greier vi ikkje å skape den type miljø raknar det i begge endar, seier medlemmene i ressursgruppa som også har eit mål om at Eid igjen skal kunne stille med eit damelag i seriesystemet.