Det var torsdag under 200m fri i klassa S1 Ingrid Thunem sette ny verdsrekord med tida 3.59,02, der resultatet frå dei 100 første meterane også vart rekna som rekord.

Fredag heldt ho fram med å setje nye verdsrekordar. Først på 100m rygg med tida 2.25,63 og deretter ny verdsrekord på 50m fri med tida 51,33.

I dag slo ho sin eigen rekord på 100m fri med tida 1.50,37 i tillegg til å setje ny verdsrekord i 50m butterfly med tida 51,13.

Feirar bursdag

Før NM-meisterskapen hadde Thunem som mål å setje verdsrekordar på 200 fri og 50m butterfly, dei to distansane som ho mangla i si klasse. Og det målet klarte ho å nå.

Litt av ei bragd for den unge eidajenta, som i dag feirar både topplasseringar og 27-årsdagen sin.

– Det kunne ikkje gått så mykje betre, seier ei strålande nøgd Ingrid Thunem til Fjordabladet.  No ventar nokre rolege dagar i Oslo før det blir meir trening og stemne til hausten. Og kanskje tek verdsmeisteren seg også ein tur tilbake til Eid for å delta på symjestemne her.

– Børre la grunnlaget

Ingrid Thunem bur og trenar i Tromsø, men seier til Fjordabladet at ho har eit stort ønske om å vere med på eit stemne på Eid. Det var Børre Smørdal i Eid svømmeklubb som la teknikkgrunnlaget for hennar karriere. Ingrid hadde gode tekniske ferdigheiter frå tida i Eid svømmeklubb, noko som var svært nyttig å ha då ho vart funksjonshemma. Ho visste kva som fungerte då ho var funksjonsfrisk, og har teke det med vidare.

  Ingrid er lamma på den eine sida og svømmer med berre ein arm, og det er ikkje så enkelt.

–  Første gongen eg prøvde, heldt eg på å drukne, ler ho. Nøkkelen er å utnytte muskulaturen i armen og nakken.

Ingrid flytta til Tromsø for å studere og der trivst ho godt.

– Når du er funksjonshemma, er det greitt å bu i ein stor by med nærleik til sjukehus.