− Resultata Regine har oppnådd er ikkje mindre enn veldig imponerande. Skyting er ein stor sport internasjonalt. Under EM i Tallin deltok dei feste land i Europa og det seier ein del om prestasjonen. I tillegg til EM-gullet for lag, vart også Regine nummer fire i den individuelle halvmatch-konkurransen, sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo i sin tale til Regine.

Nest størst

− Skyting er den nest største idrettsgreina i verda. Berre fotball er større, sa Leiv Reksten, leiar i Nordfjord skyttarsamlag, som overrekte ein pengepremie til den nybakte europameistaren. Kjell Magne Åshamar, ungdomskontakt i Nordfjord Skyttarsamlag, understreka også prestasjonen til Regine.

− Du skal vite at vi er veldig stolte av det du har oppnådd, sa Åshamar som overrekte blomar til Regine.

Meir om denne saka finn du i avisa fredag.

Når vi legg til grunn at skyting er ein av dei største idrettane i verda, er det ikkje mindre enn imponerande at vi har fått ein europameistar i denne idretten, sa Alfred Bjørlo, då kommunestyret i Eid markerte EM-laggullet til Regine Nesheim. Foto: Tormod Flatebø