Dette er klart etter at kommunen har takka ja til ein førespurnad om samarbeid frå fotballgruppa. Det første som må avklarast er kva areal som kan nyttast til fotballhallen.

– Vi synest at dette er eit kjempebra initiativ. Frå fotballen si side er førsteprioriteten at ein hall bør ligge nær skuleområdet. Det er ingen tvil om at dette gjev store fordelar, seier ordførar Alfred Bjørlo, som nyleg refererte brevet frå fotballgruppa for formannskapet.

Rimeleg løysing

Planane om bygging av fotballhall har vore oppe tidlegare, men har lagt på is i fleire år. No er dei tatt fram igjen, og ein byrjar frå grunnen av.

– Vi har hatt eitt møte med Eid kommune, og dei er positive. No spelar vi inn vårt ønskje og behov, og så får kommunen avgjere kva areal som kan brukast, seier styreleiar i Eid IL Fotball, Stein Inge Strøm.

Medan fotballgruppa i Eid IL fullfinansierte kunstgrasbana bak Valhall, blir ein fotballhall eit større økonomisk løft.

– Det er mange ulike storleikar som kan byggast, men uansett er vi innstilte på ei relativt rimeleg løysing, der ein gjerne kan nytte garderobeanlegg i eksisterande idrettsbygg, seier Strøm.

Folkehelse

Det er innandørs fotballanlegg i Vågsøy, Gloppen og Volda, og i Stryn er planane om ein slik hall nær ved å bli realiserte.

– No er det på tide at vi startar prosessen med å få bygd ein innandørs fotballhall i Eid. Noko av grunnen er at vi vil vere konkurransedyktige, men det viktigaste er at vi ser at innandørs treningsanlegg er avgjerande for å få ungdommen til å halde fram med fotball og fysisk aktivitet, spesielt blant jentene. I og med at fotball er den største idretten, dreier dette seg også i høgste grad om folkehelse, seier Strøm, som understrekar at ein no må organisere seg slik at arbeidet med å realisere hallen blir mest muleg effektivt.

– Det må settast ned ei tverrfagleg gruppe for å finne ei løysing som både er praktisk og økonomisk gjennomførbar, seier Strøm.

Skal vurdere ulike alternativ

Aktuelle areal som skal vurderast for fotballhall er ved Nordfjordeid skule, i Lunden, ved Eid stadion, på Plassen og ved Eid vidaregåande skule. Ein vil også vurdere å bygge inn eksisterande Eid Idrettspark til ein innandørshall.

– Vi kan gjere ei vurdering av kva areal som kan nyttast no i ein innleiande fase. Valet ein fell ned på vil også vere styrande for kva storleik ein kan legge seg på, seier kommunalsjef Harald Sivertsen.

– Eit viktig poeng no er at kommunen og fotballgruppa jobbar i lag. I tillegg til kva areal som skal nyttast og kva storleik hallen skal ha, er det fleire ting som må på plass, seier Alfred Bjørlo, og viser til at det må  utarbeidast ein finansieringsplan og at hallen må inn i kommuneplanen ved neste rullering slik at det kan søkast om spelemidlar. Vidare at eigarforhold og drift må avklarast.

Meir om saka i papirutgåva fredag.