Dette er nokre av spørsmåla som ein ønskjer å få svar på, for å kunne vere mest mogleg presise når det gjeld tidsrom for tiltak i oppdrettsnæringa, slik at laksesmolten slepp å gå igjennom område i fjorden der det er mykje lakselus.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), fakultet for miljøvitskap og naturforvaltning køyrer prosjektet, som har fått namnet KLAFF «KunnskapLaksAureForvaltningFiske. Det vart starta opp som eit kunnskapsløft for sjøaure og laks i Strynevassdraget i fjor, for å skaffe fram fakta som grunnlag for kunnskapsbasert lokal forvaltning. Både oppdrettsnæringa og elveeigarane er interessert i å få eit meir faktabasert og heilskapleg bilete av både utvandringstidspunkt og ikkje minst vandringsmønster til smolt av laks og sjøaure i ytre del av Nordfjorden, der ein skulle forvente moglege negative effektar av lakselus. Slik kunnskap vil vere viktig for å sikre større presisjon i overvakinga, og at dei tiltaka oppdrettsnæringa i Nordfjord gjennomfører for å redusere negativ påverknad på vill laksefisk er målretta og faktabaserte.

I 2017 har fokuset i KLAFF vore på kartlegging av vandringsmønsteret til laksesmolt og smolt/blenkjer til sjøaure utover i Nordfjorden og kartlegging av ungfiskproduksjon og botndyr i vassdraget.

Eidselva er med

I år, 2018, har ein utvida prosjektet til også å omfatte Eidselva. Prosjektleiar Henning Andre Urke peikar på at Eidselva også er eit nasjonalt laksevassdrag som ein ønskjer kunnskap om, og det er interessant å samanlikne med registreringar frå Strynevassdraget.

Det er 20 lakseførande vassdrag i Nordfjord og Sunnfjord, og fram til no har ein ikkje hatt konkrete data når det gjeld vandringa av laks og sjøaure i dette området.

– Det er greitt å ha reelle tal, og dette må gjentakast over fleire år, seier Urke.

Han forklarer at arbeidet med merkinga av smolten går føre seg ved at ein fangar lakseyngel med elektriske fiskeapparat og har dei over i ein stamp med gjennomstrøyming av vatn. Fisken vert først artsbestemt og ein registrerer lengde.

Merking og innsetting av sendarar går føre seg i ei «operasjonsstove», der fisken først vert bedøvd og får ventilasjon på gjellene. Ein gjer så eit lite snitt i buken og plasserer inn ein liten akustisk sendar som er tilpassa storleiken på fisken. Deretter vert såret sydd igjen med tre sting. I Eidselva var det mellom 110 og 120 småfisk som denne veka fekk sendar plassert i magen sin, og i Stryn er det i år om lag 100.

Akustisk telemetri er ein teknologi som er mykje nytta i undersøkingar av fiskevandringar i vassdrag-, fjord- og kystsystem. Gjennom å merke fisk med akustiske sendarar, og utplassere eit nettverk av passive lyttebøyer som fangar opp signal frå sendarane, vil individuelle fisk kunne identifiserast og plasserast i tid og rom. Ny teknologiutvikling har gjeve akustiske merke med djupnesensorar som er små nok til å kunne nyttast på vill smolt. Gjennom å nytte slike merke kan ein kartleggje djupnebruken til laksesmolten gjennom vandringa mot havet.

Det er lagt ut 85 lyttebøyer ut gjennom fjorden, som ligg og registrerer fisken som sym forbi. For smolten sluttar registreringane når fisken har kome utanfor registreringsområdet til lyttebøyene. Sjøauren har på seg sendarar som fungerer i 2–3 år, slik at ein kan følgje med korleis fisken vandrar fram og tilbake og eventuelt mellom ulike vassdrag.

I prosjektet har dei også med seg to Dr. stipendiatar som ser på genetikk hjå sjøaure og laks, ei på NMBU og ei på Nord universitet, elles er det NTNU. NMBU og INAQ som er utførande. Prosjektet er finansiert av Fylkesmannen, og oppdrettsaktørar i Nordfjord, der stipendiatstillingane er finansiert av Noregs forskingsråd.

To «tog» ut Nordfjorden

Resultata frå fjorårets registreringar i Stryneelva tydar på at ein auke i vassføringa ser ut til å vere den utløysande faktoren for utvandringa til laksesmolten, og at heile det fyrste «smolttoget» allereie hadde passert dei ytre områda av Nordfjord då tiltak mot lakselus vart sett inn.

Laksesmolten frå Stryn gjekk hovudsakleg ut i to markerte periodar med auke i vassføringa den 5–6. mai og den 16–17. mai. Laksesmolten hadde kort opphaldstid i osområdet, og søkte seg raskt utover Innvikfjorden og vidare utover Nordfjorden mot kysten, med gjennomsnittleg framdrift på 1,3 kroppslengder i sekundet. Laksesmolten nyttar i snitt 8,3 dagar på å vandre frå osen og ut heile Nordfjorden, og dei vandrar i det øvste vasslaget, 1–3 meter.

I vurderingane innanfor det som vert kalla trafikklysregimet vert laksesmolten berekna å vere i område med smittepress av lakselus, dvs. i midtre og ytre del av Nordfjorden, i 28 dagar. Dette er ein vesentleg lenger periode enn det som vart funne for den merka laksesmolten frå Stryneelva i 2017, som var 3–5 dagar.

For laksesmolten frå Stryneelva var det smittepresset av lakselus i veke 19–21 som var avgjerande for havbruksnæringa sin direkte påverknad på denne bestanden i 2017. Då det nasjonale overvakingsprogrammet for lakselus i regi av Havforskingsinstituttet starta opp registreringar den 22. mai (veke 21), hadde heile det fyrste smolttoget allereie passert dei ytre områda av Nordfjord.

«Trafikklysvurderingane» i 2017 baserte seg på eit for seint tidspunkt i høve til kva tid smolten frå Stryneelva faktisk var i smitteområda. Dette gjer at vurderingane som fastsett påverknad på den konkrete bestanden synest lite presise i høve til det som er reelt.

Lang vandring ut til hav

Vandringsavstanden frå Stryneelva er på meir enn 85 km ut Nordfjorden. Ein fann stor skilnad i overlevingsprosent på dei to «smolttoga».

I den første gruppa som forlèt elva 3–5. mai overlevde 60 %, medan det i den andre gruppa som forlèt elva gjennomsnittleg 12 dagar seinare, berre var ein overlevingsprosent på 27 til ytre del av fjorden.

For auresmoltane som vart registrerte på lyttebøyene, var det stor variasjon i fjordbruken. Det var berre nokre få som vandra ut til dei ytre fjordområda, medan om lag to tredjedelar heldt seg i indre fjordområde.

I alt sju av dei 34 merka auresmoltane som vandra ut i fjorden, vart registrerte attende i elva før lyttebøyene vart tappa i byrjinga av november.

Likeins som med den merka laksesmolten, var djupnebruken hjå den merka auresmolten prega av at dei for det meste nytta dei øvste to meterane av vassøyla.

Det var mindre variasjon mellom individa hjå auresmolten i djupnebruken enn hjå laksesmolten. På same måte som laksesmolten, nytta auresmolten grunnare vasslag di lenger ut i fjorden dei kom.

Konkret kunnskap

Prosjektet har så langt skaffa fram ny og konkret kunnskap om vandringsåtferda til vill laks- og auresmolt i Nordfjorden, og ut frå dette kva tid på våren det ideelt sett burde vere minimalt med infektive lakseluslarvar i fjorden for å kunne redusere negative effektar på laksesmolt frå det nasjonale laksevassdraget Stryneelva i 2017.

Trass i at det trengst observasjonar over fleire sesongar for å kunne konkludere, meiner prosjektansvarleg at oppdrettsnæringa allereie no kan grovinnstille tiltaka sine mot lakselusa inn mot denne tidsperioden.

Nasjonale laksevassdrag

Stryneelva og Eidselva er to av ti nasjonale laksevassdrag, og dei inste delane av Nordfjorden er ein av fire nasjonale laksefjordar i Sogn og Fjordane.

Målsetjinga med dei nasjonale laksevassdraga og fjordane er å bygge opp att laksebestandane til ein storleik og samansetjing som sikrar mangfald og utnyttar produksjonsmoglegheitene til arten.

Klare for utvandring

Smolt er lakseyngel som er klare for utvandring frå ferskvatn til saltvatn. Dei er 1–6 år gamle, har ei lengde på 12–20 cm og er sølvblanke. Smolten har før utvandringa gått gjennom smoltifisering, det vil seie ei fysiologisk tilpassing til det å tole saltvatn. Samstundes vert åtferda endra, slik at smolten stimar og sym med straumen. Unger som ikkje er smolt, er aggressive og held posisjonen i elva, dvs. sym mot straumen. Kjelde: Wikipedia

LAKSESMOLT I EIDSELVA: Smolt er lakseyngel som er klare for utvandring frå ferskvatn til saltvatn. Foto: Henning Urke
ELEKTRISK FISKING: Innsamling av presmolt skjer ved hjelp av elektriske fiskeapparat. Foto frå innsamling i Stryn. Foto: MINA fagrapport 48
MERKING: Akustisk merking skjer ved eit snitt i buken, plassering av sender og sying. Foto: Henning Urke
FANGST: Bilete frå fanst i samband med merking av fisk i Eidselva i år. Foto: Alfred Bjørlo
LYTTEBØYER: Nordfjorden er delt inn i soner der det er utplassert passive lyttebøyer som registrerer når den merka smolten er i området. Foto: Kart frå MINA fagrapport 48, om resultat frå Stryneelva i 2017