Skulen starta skuleåret 2017/18 med rekordtalet 90 elevar, og det ser ut til at den gode trenden held fram.

– Vi har så godt som full skule allereie. Dette er endå betre tal enn vi hadde på same tid i fjor, og vi er kjempefornøgd med at så mange elevar vil gå på skulen vår. Dette viser at vi har eit godt tilbod som elevane våre er fornøgde med. Vi er også veldig glade for at mange av elevane våre likar seg så godt på Fjordane folkehøgskule at dei faktisk vel å gå to år på skulen vår. Dei siste åra har vi sett ein trend i at fleire og fleire vel å gjere nettopp det, heiter det i ei pressemelding frå Fjordane folkehøgskule.

– Vi har stor breidde i linjetilbodet vårt, og det er veldig kjekt å sjå at søknaden er god til alle linjene. Spesielt Vikingliv og Nysirkus har ekstra mange søkjarar i år. Dei linjene som det er nokre ledige plassar på per i dag er Hestelinja, Kunstlinja og Bu og fritid, som er ei tilrettelagte butreningslinje, heiter det vidare i pressemeldinga.

Populære folkehøgskular

Inneverande skuleår er «all time high» for folkehøgskulane i landet, med over 7.700 elevar. Søkinga for neste år er like bra. Det er ingen tvil om at tilbodet er ettertrakta blant 19-åringar.

Aldri før har det vore meir populært å gå på folkehøgskule! Stadig fleire bestemmer seg tidleg for å søke skuleplass, og allereie har rundt 4.700 elevar takka ja til ein plass neste haust. Det er eit like høgt tal som fjorårets rekord på denne tida.

Fornøgde elevar

Målingar gjort av analysebyrået EPSI har dei siste seks åra vist at folkehøgskulane har Norges mest fornøgde elevar. Det er heilt tydeleg at fornøgde elevar er ein av våre aller beste rekrutteringskanalar. Sosiale media er kanalar der dette klart kjem til uttrykk.

Med sosiale media har vi sett ei endring. Tidlegare gjekk den positive fortellinga om folkehøgskule til familie og venner. No rekrutterast også ukjente personar gjennom anbefalingar i ulike kanalar. Spesielt tydeleg er det på Instagram. Under hashtagen #fhsliv har folkehøgskuleelevar delt over 153 000 bilde frå skulekvardagen sin. Dette er ærlege og visuelle glimt som freistar, heiter det i pressemeldinga.

I dag går det 20 % fleire elevar på dei norske folkehøgskulane enn det gjorde for ti år sidan. Elevar på folkehøgskule utgjer 11 prosent av eit årskull. Det er omtrent like mange som det forsvaret har inne til førstegongsteneste.