Når Frivillighet Norge inviterer til konferansen Møteplass folkehelse, er Eid kommune ein naturleg plass å hente innspel i frå.

I alle fall har dei gjort det i dag, der kommunen er godt representert på denne konferansen.

Til stades er operasjef Kari Standal Pavelich. Ho skal snakke om Opera Nordfjord, 20 år i samspel med lokalsamfunnet.

Og litt seinare er det song frå MGPjr-vinnarane Vilde og Anna som står på programmet.

Andre føredragshaldarar er mellom anna Heikki Holmås, styreleiar i Frivillighet Norge.

Møteplass folkehelse er ein arena for samarbeid mellom kommunar og frivllige organisasjonar om å betre folkehelsa. Gjennom å dele erfaringar og kunnskap om kvarandre sitt arbeid aukar vi sjansane for meir samskaping.

Konferansen er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, KS og Frivillighet Norge.