Det vedtok Eid formannskap med fem mot fire røyster.

Heggjabygda vassverk har klaga på tidlegare kommunestyrevedtak, og har vist til grove forskjellsbehandling – der abonnentane i Heggjabygda må betale anleggstilskot, medan det ikkje er krav om anleggsbidrag frå abonnentane i samband med utbygging til Eid sentrum.

Vassverket har også klaga på utforminga «tek sikte på å overta», og meiner dette er svært flytande. Dei ønskte ei klar formulering om tidspunktet eller tidsrom for overtaking

Lang diskusjon

I formannskapet torsdag vart det ein lang diskusjon.

– Fem år etter at dei søkte så kan kommunen endå ikkje seie noko sikkert i saka. Det er veldig kritikkverdig, påpeikte Sigurd Reksnes (Sp).

Han kom med framlegg om at Eid kommune tek klaga til følgje og overtek Heggjabygda vassverk frå 1. juli 2018. Han ønskte også støtte om at abonnenten som er tilknytt Heggjabygda vassverk skal betale tilknytingsgebyr, jamfør gebyrregulativet til Eid kommune når vassverket vert kommunalt. Og at Eid kommune overtek den resterande lånegjelda til vassverket i Heggjabygda.

Dette framlegget fekk berre fire stemmer og fall.

Vanskeleg sak

– Dette er ei vanskeleg sak. Eg trur vi all er einige i at vi vil bidra. Men det er heilt vanleg praksis med anleggsbidrag, sa Tore Hjelle (H), som fryktar at Taklo, Sørland og Torheim kjem med same krav om dei i Heggjabygda skal sleppe å betale anleggsbidrag.

– Det er ikkje uvilje til dei som bur i Heggjabygda. Vi kjem i ein vanskeleg situasjon om vi skal ha ny praksis. Vi skulle gjerne ha vore imøtekomande, men synest det er rimeleg å forvente at dei betalar anleggsbidrag, sa Hjelle.

– Det er ikkje urimeleg å krevje anleggsbidrag innanfor rimeleg grense. Vi overtar også fellesgjelda, støtta Alfred Bjørlo (V).

Overtek gjelda

I formannskapet la Hjelle fram forslag om at Eid kommune tek sikte på å overta Heggjabygda vassverk når vassforsyninga frå Nor er ført fram til Heggjabygda. I dette ligg det også at Eid kommune overtek gjelda til Heggjabygda vassverk. Det vert føresett at alle abonnentar betalar eit anleggstilskot på 15.000 kroner i tillegg til ordinært tilknytingsgebyr.

Dette framlegget fekk fleirtalet med fem mot fire røyster, og vert dermed formannskapet si innstilling til kommunestyret.

I si saksutgreiing viser rådmannen til klaga frå Heggjabygda vassverk. Rådmannen meiner det vassverket kallar forskjellsbehandling ikkje kan samanliknast, då utbygging av nye Nordfjordeid vassverk gjeld eksisterande abonnentar som har fått auka gebyr innanfor vatn og avløp. Alle nye abonnentar må rekne med eit anleggsbidrag i form av grøft og leiingar, og tilkopling til ei offentleg hovudleidning, påpeikar rådmannen.