I første del av kampen låg Eid lågt og kompakt og satsa på kontringar. Først spelte Vebjørn Høynes inn til Joakim Vedvik, som var centimetrar frå å få foten på ballen.

På den neste kontringa klaffa det for Eid. Kristian Lefdal forserte langs venstrekanten og spelte presist inn til tvillingbror Simen, som sette inn Eid sitt første seriemål for sesongen.

Den store snakkisen vart ein situasjon som oppsto midt i første omgang. Kristian Lefdal vart spelt fri åleine mot ein utrusande Florø 2-keeper Jacob Storevik. På 20 meters avstand til mål, og med fri bane, vart Lefdal felt. Etter å ha konferert med assistentdommar, valde dommar Dan Kåre Esp frå Eikefjord å berre gje gult kort til Florø 2-keeperen, ei avgjerd som vekte sterke reaksjonar frå Eid-spelarar og publikum.

I staden var det bortelaget som fekk utlikninga etter drygt halvtimen ved Ntege Cone.

Rett før pause måtte Eid-kaptein Henning Haugen ut med skade. Inn kom 2000-modellen Eirik Wik Leite. Det skulle vise seg å bli eit avgjerande byte.

I byrjinga av andre omgang spelte Eid seg fram til fleire store sjansar, men mot spelets gang var det Florø 2 som tok føringa då Andreas Lefdalshjelle scora på ein retur frå ei heading av Torbjørn Aabrekk.

Like etter klinka innbyttar Eirik Wik Leite til med eit langskot, som sat nede i hjørnet til venstre for keeper. Dermed var stillinga 2-2.

Begge lag produserte fleire store sjansar utover i andre omgang, men fleire mål vart det ikkje. Neste seriekamp for Eid er borte mot Studentspretten komande laurdag, eit lag som er tippa i toppen av 4. divisjon.

Resultat første runde 4. divisjon (Kretsligaen)

Dale-Stryn 1-5

Vik-Studentspretten 1-1

Bremanger-Årdal 2-0

Fjøra-Tornado Måløy 3-1

Skavøypoll-Kaupanger 1-3

Eid-Florø2 2-2