Bryggja skule AS har bedt om ei stadfesting på at Eid/Stad vil tillate at dei kan disponere/nytte eigedomen (med inventar» til skuledrift frå august 2018.

Etter forslag frå ordførar Alfred Bjørlo vedtok formannskapet at: «Det er Vågsøy kommune som eig og disponerer bygget i 2018 og 2019. Eid vil ikkje motsetje seg at bygget/eigedomen blir stilt til disposisjon for skuledrift i denne perioden, vedtok formannskapet i Eid.»

– Det er vanskeleg å forstå at det er så vanskeleg for Vågsøy kommune å leige ut skulen til Bryggja, kommenterte Sigurd Reksnes.