Det var måndag at arbeidet med å legge ny asfalt i Rådhusvegen starta. Dei siste åra har vegen vore sterkt prega av slitasje, og det har vore nødvendig med mykje flikking og lapping av holer i vegbana.

No blir altså den sterkt trafikkerte vegen fullstendig oppgradert. Det har folk merka ved at ein har måtte velje omkøyringsvegar, og ein av dei som har drive med dirigering av trafikken er Kjell Arne Heggheim frå Kjølsdalen. Han er til dagleg gardbrukar, men tar på seg tilkallingsoppdrag for Nordfjord Vegservice, som er ansvarlege for dirigering og skilting.

– Det er berre blide folk å møte, smil og godt humør, seier Heggheim, og legg til at det hjelper at det er rimeleg enkelt for bilistar med omkøyring.