– Dette er noko dei ulike partia får diskutere. Det er fagleg forsvarleg med 30 elevar, men det kjem stadig tilflytting til Eid, så ein har lite å gå på. Om ein skal velje å lage fire klassar no, må ein kome i gang, seier Knut Tore Nes Hjelle, leiar i oppvekst- og kulturutvalet.

– Eg har fått telefonar sjølv. Mange er engasjert og bekymra korleis det blir, seier Sp-politikar Sigurd Reksnes.

Saka er meldt opp til kommunestyremøte denne veka, der kommunalsjef Harald Sivertsen vil orientere.