– I butikkane no er det vitamininnsprøytingar av nokre energibomber. Det er så mange herlege fargar der ute, samtidig som ein kan vere stilig, sa Jemtegård, som også er kjent som fast moteekspert hos God Morgen Norge på TV2.

På Nordfjordeid kom ho med tips om å bruke meir fargar og blomsterprint.

– La deg inspirere av alle mønster og fargar du ser rundt deg, smilte ho.

Trenddagane på Amfi Nordfjord samla mykje folk, og laurdag stod Andrea Santiago, som vart nummer to i The Voice, på scena og song.

Henrik og Amanda var populære modellar under trendshowet på Amfi Nordfjord fredag kveld. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Sindre Hafsås viser fram årets dressfarge – blått. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Smila var store hos trendekspert Marianne Jemtegård og senterleiar Gro Gjerdevik under trendshowet fredag. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
I år kan ein leike seg med rosa i alle nyansar, forklarte t.h. Marianne Jemtegård, her saman med Andrea Santiago, som stilte som modell. Laurdag stod Andrea på scena for å synge.
Senterleiar Gro Gjerdevik stilte som modell til sminketips. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Også menn kan gjerne kle seg i blomstrete mønster, påpeikte Jemtegård. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Mange hadde møtt opp på Amfi Nordfjord for å få med seg trendshowet. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes