Dette skriv NRK Sogn og Fjordane på nett.

Ein person vart frakta til Førde sentralsjukehus etter at han fall ut av ein båt ved Totland i Vågsøy.

Ulukka vart meldt i 15-tida i dag, måndag.

Meldingar og vitneobservasjonar på staden gjorde at det vart sendt ut både politi, ambulansar, redningsskøyte, dykkarar og helikopter til staden. Då naudetatane kom fram til staden var to fritidsbåtar allereie i gong med søket.

Det er uvisst kor lenge mannen hadde ligge i sjøen då ulukka vart meldt, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Mannen var truleg på fisketur då den 14 fot store plastbåten gjekk rundt.

AMK fekk melding om at båten låg opp ned og at det var ein mann i sjøen.

Han blei funne medvitslaus etter 10-15 minnutt med søk. Trass forsøk på gjenoppliving, livet til mannen stod ikkje til å berge.