Dei fleste av oss har vel ein eller fleire heltar som vi ser opp til. Det kan vere far eller mor, ei idrettsstjerne, musikk- eller filmstjerne, eller ein annan person som har betydd mykje for oss i livet. Nokre av desse heltane har hatt betydning for heile lokalsamfunn, ja kanskje for heile nasjonen eller til og med internasjonalt.

I dette innlegget ynskjer eg å sette fokus på nokre av våre lokale heltar, som også har betydd mykje for heile regionen.

Samuel A. Kjøsnes

I år er det «korpsmusikkens år», og sist helg var det flott konsert i Operahuset på Eid, der alle musikk-korpsa i kommunen var med.

Det passar såleis bra å starte med den personen som meir enn nokon, har påverka framveksten av korpsmusikken i Nordfjord og kanskje også på Sunnmøre, musikkfanejunker Samuel Kjøsnes.

Samuel A. Kjøsnes var fødd i Jølster i 1861. Han tok musikkutdanning ved Bergen brigades Depotavdeling 1881–1883. Etter enda utdanning var han tambur (trommeslagar) ved ulike avdelingar i den Bergenhusiske infanteribrigade.

Han kom til Nordfjordeid, og vart fast tilsett ved Fjordenes bataljon sommaren 1887. Her utvikla han bataljonsmusikken (Kjøsnesmusikken) både i kvalitet og kvantitet, og leia denne fram til den vart avvikla i 1913.

Inspirator

Samuel Kjøsnes var ein inspirator for andre musikkinteresserte, og mange av dei han plukka ut til å vere med i bataljonsmusikken på eksersisplassen på Eid, tok med seg kunnskap og starta korps i sine heimbygder. Såleis har eksersisplassen og aktiviteten der fått kulturelle ringverknadar i heile regionen.

Då bataljonsmusikken vart avvikla i 1913 tok Samuel Kjøsnes initiativ til å starte Eid musikklag. Dette korpset lever i beste velgåande også i dag, til stor glede for oss alle både 17. mai og ved andre arrangement.

Samuel Kjøsnes kjøpte og busette seg på gnr. 45 bnr. 5 Liljevang oppe på Flata i 1893. Bruket hans omfatta eit området frå krysset Korsvegen-Alleen austover til Eid energi.

John Myklebust

Den neste som er verd ein omtale, er John Myklebust (1861-1937). Bonde, forretningsmann, offiser og politikar. Krigskommissær frå 1917 til 1931.

Kompanisjef i Fjordenes Bataljon under bataljonssjef oberst Holtermann frå 1895.

Ordførar i Eid 1898 -1916 og 1922 -1923 og stortingsmann 1910 -1912.

John Myklebust har hatt stor betydning for Eid si utvikling på mange område, spesielt innan skuleverket.

I 1891 etablerte han Eid Middelsskule i tunet på Myklebust, og var sjølv styrar til 1918. Seinare vart skulen omgjort til realskule og flytta til Mel.

Han fekk bygd kombinert kommunehus og skulehus for Fjordane Fylkesskule i 1900. Denne skulen vart seinare døypt om til Fjordane folkehøgskule. Eigedomen vart kalla Tingvoll. I dag er det berre det gamle internatet som står att og er gjort om til leilegheiter. Sjølve skulebygningen/kommunehuset brann ned i 1972.

Drivkraft

John Myklebust var òg ein sentral initiativtakar til at Eids Gymnas vart skipa i 1922.

Ifølgje fylkesarkivet fekk han bygd ny dampskipskai på Nordfjordeid (den gamle låg på Skårhaug) og ei mengd nye vegar kringom i kommunen. Han fekk sett i stand Eid kyrkje og fekk den landskjende kunstnaren Lars Kinsarvik til å dekorere den innvendig.

Saman med kjøpmann H.D. Aasebø skipa han Eids Privatbank A/S i 1911 og var banksjef der til han døydde i 1937. Denne banken låg i Eidsgata mellom Betania og «Frislidbygget».

Myklebust var drivkrafta då Eid kommune eksproprierte Kviefossen slik at Eid Elektrisitetsverk kunne bygge kraftverk der i 1914.

Då amerikanaren William Henry Singer jr. i Olden gav 100.000 kroner til sjukehus i Nordfjord i 1930, spela John Myklebust ei sentral rolle for å få sjukehuset bygt i Prestemarka på Nordfjordeid.

John Myklebust var også redaktør for Fjordabladet i to år frå 1892 til 1894, og var styremedlem i avisa til 1934.

Som vi ser, er dette også ein mann som har betydd mykje for Eidasamfunnet heilt inn i vår tid. Utan hans initiativ, er det til dømes ikkje så sikkert at vi hadde hatt korkje vidaregåande skule eller folkehøgskule i kommunen.

Oberst Holtermann

Den siste eg vil nemne i denne samanheng har eg omtala tidlegare, nemleg bataljonssjefen sjølv, oberst Holtermann.

Johan Bojer skreiv til Holtermann sin 80-årsdag: ”En og anden (officer) blir staaende i en egen glorie, og senere i livet tar man deres billede fram i tankane som noget man styrker sig på. – – Kva staar der ikkje for en nimbus om namnet Holtermann.”

Omtalen som forfattaren Johan Bojer gjev av oberst Holtermann, vitnar om ein person utanom det vanlege. Resultatet av oberst Holtermann si tid ved eksersisplassen på Eid viste seg kanskje fyrst og fremst i kvaliteten og omdømebygging rundt soldatane frå Fjordenes bataljon. Dei vart sett på som elitesoldatar både i feltteneste og i slutta orden. Ingen andre avdelingar kunne framvise slik haldning og presisjon under marsjering og plasseksersis som Fjordenes bataljon. I den samanheng hadde sjølvsagt bataljonsmusikken også ein del av æra. Å marsjere til korpsmusikk gjev eit ekstra løft. Dette ser vi framleis på Eid når «tappenstreken» går på 17. mai.

Oberst Holtermann var, som krigshistorikar, mykje sannsynleg også opphavet til nemninga «Malakoff» om høgdedraget langs elva, frå Jektehola til Øyane.

Merksemd

Korleis kan vi så ære desse gamle heltane som har betydd så mykje for så mange?

Kva med å kalle opp eit område, ein plass eller ein veg etter dei? Til dømes kunne vi kalle amfiet på Plassen for «Oberst Holtermanns Amfi».

Kanskje nokon i kommuneadministrasjonen vil følgje opp tanken om å gje desse gamle heltar ei lita merksemd, slik at vi kan halde minnet om dei levande?

Samuel A. Kjøsnes utvikla bataljonsmusikken.
John Myklebust var bonde, forretningsmann, offiser og politikar.