I Fjordabladet 2. februar 1982 les ein om denne eigedommen på Skårhaugneset.

Her skulle Eid Bruk AS føre opp eit nytt lagerbygg, og kanskje også seinare bygge ei kai. Firmaet hadde fått dispensasjon frå veglova til å føre opp eit nytt lagerbygg.

– Tomtearbeidet var i gong, og til våren ville det nær 500 kvm store lagerbygget bli reist, opplyste disponent Ingebrigt Lid til Fjordabladet.

August 2017: Anlegget her på Skårhaugneset har vore i drift i mange år, og det ser ut til å fungere fint. Kaia som kanskje skulle byggast her, blir det vel ikkje noko av. Slik varetransporten har utvikla seg dei siste åra har stadig meir av transporten blitt overført frå båt til bil.

KAI: Eid Bruk planla både eit nytt lagerbygg og kanskje ei kai.
Skårhaugneset ligg idyllisk til ved fjordarmen.