Men utviklinga i bygda viser at dei har vinden i ryggen i det vesle bygdesamfunnet lengst i vest. Og på soldagar er den flate ervikbygda eit paradis med den om lag to kilometer lange sandstranda mellom bygda og storhavet.

Veksande folketal

SSB sine ferske tal viser at Ervik i den siste tiårsperioden er ei av dei få småbygdene i Selje kommune som har hatt folkeauke, og siste tala viser at det bur 89 menneske i bygda. Ein av dei som har budd i Ervik heile livet er Geir Ole Ervik. Saman med familien driv han eit av dei største sauebruka i distriktet på Torsteinsbruket. Dei store viddene på fjellet mot Hoddevik i sør og Vestkapp med Kjerringa i nord, er god tumleplass for sau på sommarbeite.

Ervik meiner at det er uutnytta moglegheiter for turisme i Ervik for folk med idear og kapital. I Hovden(100 moh.) sprengde tyskarane ut ein hundre meter lang tunnel og saman med det bratte terrenget på Hovden og Lisjehovden ned mot det frådande havet, skulle kunne vere ei riktig spektakulær oppleving for turistar. Tyskarane hadde for øvrig ein kabelbane frå tunnelopninga ned på Lisjehovden.

Levande jordbruk

Geir Ole Ervik fortel at det er gjort eit godt arbeid dei siste åra med å gjere Ervik til ein plass der det vert satsa på jordbruk, og der det skal vere attraktivt for unge å etablere seg. I dag er det fem mjølkebruk i bygda og tre sauebruk. Dei siste åra har det vore ein god del tilflytting til bygda, opplyser Ervik. Bygda skulle gjerne hatt eit byggefelt og Dragebygg har ei tid arbeidd med det som mål. Kvar av gardane har sine eigne namn. Det er Haldorgarden, Aslakgarden, Britegarden, Abbelgarden m.fl. Der er campingplass og det er berre tre kilometer til Jokerbutikken på Refsnes. Diverre miste dei skulen og barnehagen for nokre år sidan, opplyser han, så borna får ei bussreise på ein tjue minutt til Leikanger. Surfemiljøet i Ervik er dessutan etter kvart blitt kjent langt utover landegrensene.

Ervikjenter på Eid vgs.

I Selje kommune er det ikkje vidaregåande skuletilbod, og dei to ervikjentene Sigrid Ervik(17) og Siri Ligia(17) har valt å gå på skule på Nordfjordeid. Dei lovprisar begge heimbygda si. Ervik meiner dei er heilt fantastisk, naturen er unik og bra folk som bryr seg. Kort sagt ein perfekt plass å vekse opp.

På spørsmålet om dei kjem til å bu i Ervik i framtida er svara ulike. Sigrid seier at ho er sikker på at ho vil bu på heimplassen også etter utdanning. Ho vil jobbe med dyr, og kanskje utdanne seg som veterinær.

Siri er bestemt på å bli sjukepleiar og jordmor. Ho seier at ho neppe kjem til å busetje seg i Ervik. Det vert heller Ålesund eller Bergen, trur ho.

Heimlengsel onsdag

Sjølv om dei trivst godt på skulen og på Nordfjordeid, tykkjer jentene at det av og til kan verte litt langsamt. Skulekameratane er gjerne opptekne med jobb og fritidsaktivitetar. Så alt onsdag får vi heimlengsel, ler dei. Kvar fredag etter skuletid tek dei bussen vestover.

Siri seier at ho brukar å gå tur med hunden sin, ei blanding av dacks og terrier. På garden, der foreldra driv med mjølk, er det og alltids noko å henge fingrane i.

Sigrid har vaskejobb på Ervik Havfiske på Otneimneset og hjelper til på garden der dei driv med sau. Men det er geiter, og spesielt kystgeita, ho likar best.

Vegkrysset på Refsnes: Tre kilometer til Ervik og tre til Vestkapp-platået.
Ervikbygda: Ervik sett frå vest. Den spektakulære sandstranda i framgrunnen.
Ung og nyetablert: Vebjørn Ervik (26) er 2. maskinist på ein Ervik Havfiskebåt, men heime mellom turane på sjøen tek han gjerne eit tak med gravemaskina.
Ervikjenter: Siri Ligia (17) t.v. og Sigrid Ervik (17) går begge andre året på studiespesialiserande på Eid vgs.
Nybygd hus: Ein av fleire nyetablerte. Huset til Vebjørn Ervik og sambuaren Thea Mari Løvoll (25) er av nyare dato.
Britegarden: Arne Dalsbø har eit av dei større bruka i Ervik med vel tjue mjølkekyr.