Gründercampen blei arrangert av Sogn og Fjordane energi (SFE) og Ungt entreprenørskap Sogn og Fjordane, tysdag denne veka. Tema var transport, mitt personlege energiforbruk, energi og forbruk.

Det var 9. trinn ved Eid ungdomsskule som gjennomførte campen, der dei blei delt inn i nitten grupper. Dei nitten gruppene blei igjen fordelt på dei tre ulike hovudtema.

Til slutt stod dei att med tre lag til finalen, og endeleg eit vinnarlag.

Co2 har ingen grenser

Til stades på campen var Jannicke Lindvik frå SFE. Ho var imponert over dei kreative idéane til elevane.

– Det er kjekt å sjå at elevane er interessert i oppgåva, og opptekne av fornybar energi og bærekraftig utvikling, seier Lindvik som understrekar at den globale tanken er viktig i høve til rein og fornybar energi.

– Her i landet er vi heldige med rikeleg tilgang på vasskriaft. Vi kan produsere fornybar og rein energi. Men det er viktig at dei unge lærer å tenkje globalt. Elles i verda er det berre 26 prosent fornybar engeri som blir brukt privat og i industrien. Kol, atomkraft, olje og gass blir enno brukt i alt for stor grad utanfor Norge. Dette skaper utslepp av Co2 som også vedkjem oss her heime. Utslepp av Co2 kjenner ingen grenser, seier Lindvik.

Slår av lyset

Ei av gruppene kom med forslag om å nytte vatnet frå vasken ein gong til på veg ut frå huset. Dei ville installere ein turbin inne i avløpsrøret. Og på den måten produsere energi som kan brukast til ei vifte for handtørking. Dei hadde laga ein eigen modell for å vise dette.

– Vi meiner at vatnet som renn i rør ut frå huset kan brukast til å produsere energi, sa Hanna Mathea Rotihaug Pisani, Serena Ocasiones Lillestøl og Bergljot Johanne Elvebakke. Dei meinte det var ein lærerik og viktig gründercamp, men er usikre på om tanken om straumsparing vil bli sterkare framover.

– Vi slår av lyset når vi forlét eit rom. Men elles er vi usikre på om vi bidreg så mykje til sparing av straum eller fornybar energi, sa dei tre.

Bærekraftig cruiseskip

Ei anna oppgåve var transport med fokus på cruisetrafikken på Nordfjorden. Elevane skulle kartleggje kor mange skip som kjem kvart år, og kva type energi dei brukar. Kor mykje energi skipa brukar og kor stor e utslepp dei har. Så skulle dette samanliknast med bilparken. Ei gruppe som jobba med dette temaet bestod av Magnus Skeide Bakke, Jardar Solheim Bjørke, Camilla Hjelle og Camilla Grinde.  Dei hadde idéen om at både kloakk og søppel frå cruisetrafikken kan brukast til å lage energi.

– Kvart skip kan utstyrast med eit apparat som klarer å utnytte energien i både kloakk og søppel, og dermed lage energi som skipet sjølv kan bruke. Det bør også  byggjast ut med landstraum som kjem i tillegg, sa denne gruppa som blei ein av dei tre finalistane til slutt.

Plast blir bambus

Ei anna gruppe jobba med energi og forbruk. Dei la fram ein plan om at plast kan erstattast av bambus når det gjeld eingongsbestikk, tallerknar og liknande. Bambusen kan resirkulerast og øydelegg ikkje naturen. Denne gruppa bestod av Emil Dale, Julie Tafjord Meland, Max Munkebye Endal og Elisa Endal Andersson.

Vifte i capsen

Den gruppa som gjekk av med sigeren hadde idéen om å montere ei vifte eller solcelle i capsen for å produsere energi. Den gruppa bestod av Renate Lien Ohrvik, Hedda Holmøyvik Starheim, Dennis Heimsæter og Vetle Bjørkeli Bjørneset.

Ei gruppe vil lage energi ved hjelp av ei vifte eller solcelle i capsen, til bruk for lading av mobil. Dei som vann gründercampen (f.v.): Renate Lien Ohrvik, Vetle Bjørkeli Bjørneset, Hedda Holmøyvik Starheim og Dennis Heimsæter.
Jannicke Lindvik frå SFE og Jørn Helgheim frå Ungt entreprenørskap Sogn og Fjordane var arrangørar og dommarar under campen.
Ei gruppe ville installere automatisk lys, sparepære, nytte vinden til ventilasjon og bruke handlenett fleire gonger i cruiseskipet. Dei ville også lage straum av kloakk og søppel frå skipet.
Cruiseskip som sjølv produserer den energien som trengst ombord er kanskje framtida. Ressursane er avfall frå skipet.
Finalegruppe med (f.v.) Camilla Grinde, Jardar Solheim Bjørke, Camilla Hjelle og Magnus Skeide Bakke. Dei tok føre seg energi ombord i eit cruiseskip.
Tysdag var det gründercamp kraft for 9. klasse ved Eid ungdomsskule. Måndag var dei på tur til Eidsfossen kraftstasjon på Sandane, gammaldags vasskraft ved Nordfjord museum og Newtonrommet ved Firda vidaregåande.
Denne gruppa kom til finalen med sine bambusprodukt. Frå venstre; Julie Tafjord Meland, Max Munkebye Endal, Emil Dale og Elisa Endal Andersson.
Mindre plast i naturen dersom eingongsbestikk og service blir erstatta med bambus. Dette var idéen til ei av finalegruppene.