Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal er strålande nøgd med billettsalet så langt.

– Vi har ikkje vore så gode på førehandssal, og har seld 70-80 prosent av billettane frå april/mai. No har vi totalt sett seld rundt 50 prosent av billettane, fortel festivalsjefen.

Han likar utviklinga med at stadig fleire kjøper billett lenge før festivalstarten.

– Det er ei ønskjeleg utvikling, som viser at publikum har tillit til at vi skapar ein god festival. I forhold til 2016 er vi allereie på juni-nivå, seier Naustdal, som oppmodar folk om å følgje godt med på billettsalet.

– I nokre kategoriar er vi nesten utseld, så det er nok ikkje spesielt lurt å vente for lenge, seier han.

Siste artistslepp

Denne veka vart dei sju siste artistane til årets Malakoff-festival offentleggjorde. Blant desse var store namn som Aurora og Satyricon.

– Vi er ekstremt godt nøgde med årets lineup. Minst sju av dei største namna vi har på plakaten ville headlina einkvar annan festival i Norge, meiner Arnt-Ivar Naustdal.

Han kan fortelje om svært stort engasjement frå publikum.

– Det er veldig stort engasjement på sosiale medium etter kvart artistslepp. Folk er veldig opptekne av at deira favorittar skal kome til festivalen, seier Naustdal.

Noko for alle

Festivalsjefen meiner at det på årets program er noko for alle.

– Det vil eg absolutt hevde. Blant toppnamna er jo Thåström av dei verkeleg store nordiske namna, større enn Åge Aleksandersen og DumDum Boys, vil eg hevde. Ghost er eitt av dei største banda som nokon gong har vore på Malakoff, og Wolfmother headlinar store festivalar. I tillegg er det spennande med gjenforeininga av Gluecifer, som berre spelar på to festivalar i år - Bukta og Malakoff, seier Naustdal.

Lokale innslag

Han meiner at det i år er ein klarare rock-profil enn på lenge, samstundes som ein har tatt vare på ungdom, eldre rockarar og det lokale preget.

– No har vi jo booka Castro, med eidaren Karl-Martin Hoddevik, og vi har andre lokale innslag som Oselie, Sofia og Jackbow. Dessutan har vi Eva Weel Skram og Kjartan Lauritzen frå Sogn og Fjordane, samt Side Brok & Sirkel Sag frå Ørsta. Når det gjeld sistnemnde har vi fått mange førespurnader frå Sunnmøre om når dei skal spele, fortel Arnt-Ivar Naustdal.

Snakkisane

År etter år skjer det same. Dei artistane som blir mest omsnakka i etterkant, er ofte dei det store fleirtalet ikkje har opplevd før.

– Dette er ei viktig rolle vi har. Det å plukke ut artistar som vi trur vil gje publikum ei ny, overraskande og positiv oppleving. Det har nærmast blitt ein regel at dei kanskje største snakkisane blir eitt av desse namna, seier Naustdal.

Han føler seg sikker på at kvaliteten på bookinga opp gjennom åra er ein vesentlet grunn til suksessen Malakoff opplever, men er bevisst på at fleire faktorar avgjer opplevinga til publikum.

– Vi snakkar jo om den gode festivalopplevinga. Det dreier seg om totalen. Alt frå logistikk på festivalområdet, til å bli møtt av blide vakter. På dette området trur eg vi har gjort mykje rett, og vi er framleis svært opptekne av å utvikle oss, seier Naustdal, og legg til at utviklinga av sentrum har vore positiv.

– Det er no fleire fine og festivalvennlege stader enn før, til dømes Sagaparken. Eg trur mange får eit positivt inntrykk av Eid, og så får vi sjølvsagt håpe på fint vêr, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Rosar dei frivillige

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal kan ikkje få sett stor nok pris på dei frivillige som stiller opp til Malakoff Rockfestival. For å kunne klare å arrangere ein av landets største festivalar, er ein heilt avhengige av at folk stiller opp som frivillige til alt frå kiosk og bar, til rydding og parkeringsvakter.

– Utan alle dei frivillige som stiller opp år etter år, hadde vi ikkje hatt nokon Malakoff Rockfestival. Så enkelt er det. Dei vil også vere den viktigaste faktoren for Malakoff i framtida, og eg er utruleg glad over det store engasjementet og innsatsen dei viser, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Under festivalen er det eitt tusen unike personar som fyller 1.500 vakter, så det er ein ganske så stor kabal som skal gå opp for å få det til å fungere.

– Jobben er i gang med å spikre vaktlister, og responsen er kjempegod. Vi manglar sjølvsagt mange enno, men dei aller fleste som har mulegheit og blir spurde seier dei ønskjer å stille opp, seier Naustdal.

Han trur veldig mange er glade og stolte over at ein kan få til eit så stort arrangement i ei lita bygd, og at dei derfor føler eit eigarforhold til Malakoff.