Rotevatn er sentralstyremedlem i Venstre, og leia redaksjonsnemnda som bestemte at fråsegna om utflytting av statlege arbeidsplassar skulle behandlast på landsmøtet.

– Eg er einig i at det har vore ei skeivfordeling i Sogn og Fjordane, både historisk og i dag. Det tilseier at ein bør sjå mot Nordfjord når det gjeld etablering av statlege arbeidsplassar, seier Rotevatn.

Han understrekar at han med dette ikkje seier noko negativt om Førde eller Sogndal/Leikanger.

– Eg vil ikkje snakke dei ned, fordi det er det ingen grunn til. Dei stadene har tvert imot vore viktige for utviklinga av Sogn og Fjordane. Likevel må ein kunne seie at folk i Nordfjord har grunn til å vere utolmodige, seier Rotevatn.

– Pressar på

Rotevatn er i dag politisk tilsett som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet. Han blir rekna som ein svært sentral og lovande politikar i Venstre, noko plassen i sentralstyret i partiet er eit klart bevis på. No får han altså ei god blanding av kritikk og forventingar frå sambygding, partifelle og Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Eg synest det er bra at Alfred har forventingar til Venstre. Eg håpar vi klarar å levere, og vi har eit godt grunnlag gjennom ei tydeleg fråsegn som vart vedtatt på landsmøtet, seier Rotevatn.

– Eg er ikkje stortingsrepresentant lenger, men eg er framleis politikar og sentralstyremedlem. Engasjementet er der framleis, og eg pressar på for å få resultat i denne saka, seier Rotevatn.

Defensiv kamp

Frå 2013 til 2017 var Rotevatn stortingsrepresentant for Venstre, som då var støtteparti til Frp/Høgre-regjeringa.

– I den perioden jobba eg mykje med statlege arbeidsplassar. Vi klarte blant anna å få Fredskorpset til Førde, og fylkesmannen til Leikanger. I Nordfjord brukte eg mykje tid på defensive kampar, blant anna å behalde Fiskeridirektoratet i Måløy. Det vart heller ikkje noko nedbygging i Eid, der ein såg andre miste både lensmannskontor og skattekontor, seier Rotevatn, som i ettertid ikkje er heilt nøgd med resultatet.

– Vi kom aldri heilt i mål med å styrke Nordfjord. Eg skulle verkeleg ønskt meg etablering av noko større, så no får vi sjå kva vi får til i tida framover, seier statssekretær og sentralstyremedlem i Venstre, Sveinung Rotevatn.