Vegen vil gå frå Rådhusvegen og rett på sørsida av Vest Auto sitt bygg ved rundkøyringa i Korsen, og i rett line til det noverande sandtaket i Lunden. Der vil vegen krysse den nordre delen av Bankgata, som i fleire år har vore stengt for biltrafikk.

Denne delen av Bankgata blir mykje brukt av barn og unge som tilkomstveg til skule-, idretts- og kulturtilbod. Nettopp derfor har mange vore opptekne av trafikktryggleiken for dei mjuke trafikantane.

– Eg er oppteken av dei mjuke trafikantane. Barn er vande med å gå der, og no kjem det ein ny veg som kryssar der barna går og syklar, sa Grethe Dahl Sandven (V), som etterlyste fartsreduserande tiltak.

Tiltak i etterkant

Sandven fekk til svar frå administrasjonen at fartsreduserande tiltak er noko ein legg inn i etterkant, viss ein ser at det blir behov. På førespurnad om det er muleg å etablere ein under- eller overgang for mjuke trafikantar, var svaret at dette er teknisk vanskeleg.

Det vart også opplyst at vegen vil vere ei 30-sone, og at fart derfor ikkje vil vere noko problem, så lenge folk held fartsgrensene.

Innkøyringssperre

Eit anna tiltak som vart diskutert var innkøyringssperre, av typen som er ved kryssinga av E 39 like ovanfor det omtala området. Her er det bommar på begge sider av vegen, som gjer at gåande og syklande må bremse farten før dei kryssar vegen.

Frå administrasjonen si side vart det halde fram at slike sperrer er dårleg tilpassa syklistar, og ikkje ville ha blitt bygd i dag.

Per Tore Borgund (Frp) var ikkje samd i denne vurderinga.

– Syklistar skal jo gå av sykkelen og krysse vegen gåande. Eg vil seie at desse bommane strengt tatt har si effekt, sa Borgund.

Med klare signal om fokus på mjuke trafikantar, vart rådmannen sitt framlegg likevel vedtatt samrøystes av utvalet. Dette betyr at detaljreguleringsplan for bustadområde i Lunden no blir lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker.

I møtet vart det også presisert at det har vore felles synfaring mellom utbyggar og eigarane av området der vegen skal gå, og at eigarane etter dette ikkje har nokon innvendingar til planane.