Etter mykje om og men i Selje kommunestyre vart det endeleg klart at Kvernevik Holding AS får kjøpe nabotomta til Vestkapphuset som allereie ligg på Vestkapp. Visjonane og draumane er store, men vi har tru på at dei skal klare å ta Vestkapp til eit nytt nivå. Det treng Selje kommune, men også heile Nordfjord og Sunnmøre kan nyte godt av at Vestkapp vil trekkje til seg fleire nasjonale og internasjonale turistar.

Trenden er at turistar i dag legg igjen meir pengar enn tidlegare. Dei vil også oppleve noko, og vêr er ein forunderleg magnet. Vestkapp har mykje vêr, i alle slags former, og dette må utnyttast.

I Loen hadde dei også store og våte draumar. Ikkje alle hadde tru på Loen Skylift. Nokon fnyste av tanken. I dag må alle erkjenne at den ville ideen var suveren. Loen Skylift har blitt ei gullgruve. Også inne i fjorden ser ein på potensial med å få heilårsdrift. Vi har tru på at det er vegen å gå – anten det er i Loen eller på Vestkapp.

I Nord-Norge har dei funne sin nisje som slår an. Turistar kjem frå langtvekkistan for å oppleve nordlyset. Målet må vere at turistar kjem lange vegar også for å oppleve vêret på Vestkapp. Det er ingen grunn til at Vestkapp ikkje skal bli like store merkevare som namnebror Nordkapp.

Men då må fleire investorar på bana. Ein må tenke stort – og då treng ein pengar – mykje pengar.