Det var like etter klokka åtte torsdag kveld at det vart registrert eit jordskjelv med episenter på Mørekysten. Skjelvet hadde ein styrke på 4,0 og vart registrert fleire stader i Møre og Romsdal, i følgje NRK.no. Dette er svært kraftig ifølgje NORSAR som overvåkar jordskjelv.

Jordskjelvet har blitt merka både på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre. Også folk i Nordfjord opplevde det korte skjelvet.

– Det er berre 1 til 2 gonger så kraftige jordskjelv blir registrert i Norge per år. For å vere på det norske fastlandet var skjelvet svært kraftig, seier Dominik Lang, avdelingsleiar for jordskjelvrisiko ved NORSAR til NRK.no.