Å få tak i nye prestar til ledige stillingar er blitt ei vanskeleg oppgåve for Eid kyrkjelege fellesråd. No manglar dei sokneprest og ungdomspresten skal slutte i august. Og til nyttår går prost Rolf Schanke Eikum av etter 25 år i teneste. Då må Nordfjord prosti få på plass ny prost.

–Vi skal no lyse ut stillinga som sokneprest for tredje gong, seier prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum. Han opplever at det er blitt vanskelegare å få tak i prestar til ledige stillingar. Fram til no har det ikkje lukkast å få tilsett ny sokneprest i Eid. Og frå august treng dei også ny ungdomsprest.

Ny ungdomsprest

Ungdomsprest i Eid, Kaare Michael Christoffersen skal slutte i stillinga i august. Han har då vore ungdomsprest i fem år, og sluttar fordi han skal fullføre utdanninga si som prest. Også denne stillinga blir no lyst ut.

Mindre prestekull

I tillegg til å lyse ut stillinga som sokneprest, har prost Schanke Eikum vore i kontakt med potensielle som no skal avslutte utdanninga si til våren. Men heller ikkje den metoden har så langt gjeve resultat.

–Det var i januar at vi tok kontakt med studentar som no held på å avslutte utdanninga si. Vi har snakka med dei som kjem frå distriktet, men det er ikkje alltid det passar å flytte heim, sjølv om ein kjem frå området. Så det har ikkje lukkast oss via direkte kontakt heller, seier Schanke Eikum som understrekar at det no er langt færre som utdannar seg til prestar i høve til for nokre år sidan.

–Det er vel rundt tjue som blir ferdig utdanna i år. Då eg tok utdanning var vi vel rundt hundre. Det er klart at det blir meir vanskeleg å skulle få tak i prestar, seier prosten som no må bruke pensjonerte prestar inn til vidare.

Pensjonistar er redninga

Pensjonert prest, Olav Sigrud Gundersen fungerer i dag som sokneprest i Eid. Han vil halde fram i stillinga inn til vidare. Når det gjeld ungdomsprest vil ein kunne bruke andre folk som arbeider innan trusopplæring.

–Får vi heller ikkje tak i ungdomsprest, men må bruke folk vi har i dag til konfirmantundervisning, kan det gå ut over andre tilbod som nattkaféen til dømes. Som kyrkje må vi då bruke tida på lovpålagde oppgåver som konfirmasjon, men kutte ut andre tilbod som ikkje er lovpålagde, seier Schanke Eikum som likevel ikkje har gjeve opp håpet om å få tilsett nokon i dei to stillingane som no blir lyst ut, sokneprest og ungdomsprest. Sjølv skal han gå av som prost i Nordfjord prosti ved årsskiftet. Då blir det også ledig stilling som prost.