– Vi har for lav legedekning. Dette må ta innover oss, og må lage ein klar strategi på kva vi kan gjere, seier Ragna Haaland, kommunalsjef for helse og omsorg i Selje.

Ein har no gjort opp status på legetenesta i Selje kommune, og denne vart presentert for kommunestyret onsdag.

– Vi har konsentrert oss om at vi skal ha eit godt legekontor i Selje. Situasjonen er sårbar slik den er i dag, og vi bør ha ein legeheimel til, meiner Haaland.

Tre legar

I dag er det tre legeheimlar i Selje – ein kommunal lege fordelt mellom 80 og 20 prosent – fastlege, helsestasjon/skulehelseteneste og tilsynslege fordelt mellom to legar. 1,6 legeheimel er privatpraktiserande.

Ved legekontoret er det 2.850 listeplassar.

– Vi har ein ledig kapasitet på 530, og i 2017 betalte vi 184.000 kroner til gjesteinnbyggjaroppgjer. Vi har dermed 408 personar som har fastlege i andre kommunar, fortel kommunalsjefen.

Kvifor nokre innbyggjarar frå Selje vel å ha fastlege utanfor kommunen kan det vere ulike årsaker til. Lang ventetid på legetime kan vere ein av grunnane.

Lang ventetid

– Vi har høg ventetid. Per no er vi oppe i seks veker. Det er ikkje greitt, sjølv om det er sett av tid til øyeblikkeleg hjelp, seier kommunalsjef Haaland og legg til: – Vi må sikre kontinuerleg drift slik at innbyggjarane får mindre ventetid til lege.

Haaland påpeikar at det er utruleg viktig at Selje har god legeteneste.

– Bodskapen frå oss i helsetenesta er at vi ønskjer å opprette endå ein legeheimel. Vi skal ha plass, og skal kome i mål med det, fortel ho.

Haaland informerte om at ein ikkje treng godkjenning frå fylkeskommunen, Helfo eller departementet for å opprette ein ny fastlegeheimel.

– Ein kan opprette fastlegeheimel når kommunen ser behov for oppretting av ny heimel etter kommunen sitt reglement og godkjenning, seier ho.

Lege åleine

Kommunalsjefen viser til at det berre er 20 prosent av dagane at ein har tre legar på jobb. I 48 prosent av dagane er det to legar på jobb, medan 32 prosent av tida ved legekontoret er det berre ein lege på jobb.

– Dette seier litt om sårbarheita vår. Og når det berre er ein lege på jobb har denne også vakt og har ansvaret for øyeblikkeleg hjelp, og må kanskje rykke ut, fortel Haaland.

– Målet vårt er at det skal vere minimum to på jobb samtidig, seier ho.

Haaland viser til at ein ekstra lege vil auke stabiliteten for allmennlegetenesta i kommunen. Det vil også styrke allmennmedisinske offentlege legeoppgåva generelt og legetenester i sjukeheim og helsestasjon/skulehelseteneste. Ein vil også sikre kontinuerleg drift og god fagleg kvalitet. Det blir også mindre ventetid, og det vil gi auka deltaking i legevaktordninga.

– Uhaldbart

– Seks vekers ventetid er uhaldbart. Vi som innbyggjarar må ha føreseieleg legeteneste, var signala tilbake frå kommunestyret i Selje.

– To til fire veker ventetid er innanfor normalen. Øyeblikkeleg hjelp kjem i tillegg, seier kommunalsjef Haaland.

Legekontoret har fått reaksjonar på at det tar tid før dei som ringer får svar.

– Vi skal få til ei digital løysing. Målet er at det skal bli like enkelt som når du bestiller deg ein frisørtime, at du sjølv kan gå inn på nett og bestille time til lege. Då trur eg vi også får ned ringetida, lovar Haaland.

I 2016 bruke Selje kommune sju millionar kroner på legekontoret. Det er to millionar kroner meir enn i 2017.