Det var i samband med behandlinga av tiltaksplanen for kommunedelplan for veg og trafikktrygging at kommunalsjef Elin Leikanger kom med si bekymring:

– Eg blir bekymra når eg ser kva vinteren har gjort med asfalten på fleire kommunale vegar. Til dømes ser Naustdalsvegen, som vi asfalterte i fjor, ikkje bra ut, sa Leikanger.

Hovudgrunnen til bekymringa er sjølvsagt eit svært avgrensa budsjett. På tiltaksplanen er det ei ramme på 1.8 millionar kroner, noko som ikkje gjev rom for særleg mykje oppgradering av dårlege kommunale vegar. På budsjettet for 2018 er to tiltak prioriterte. Dette er 900.000 kroner til vegen på Ytre Skårhaug, og asfaltering/oppmerking av Rådhusvegen på 730.000 kroner.

Alle andre tiltak ligg som uprioriterte på lista, og kan først få løyvingar neste år, dersom det ikkje blir gjort ekstraordinære løyvingar inneverande kalenderår.