Plan- og utviklingsavdelinga har for tida fire tilsette i permisjon. Både samfunnsplanleggar, byggesakshandsamar, oppmålingsingeniør og plan- og utviklingssjef har permisjon frå sine faste stillingar. Det har vore tilsett vikar i tre av desse stillingane. Konstituert plan- og utviklingssjef er fast tilsett som byggesakshandsamar. Den siste månaden har to av vikarane sagt opp stillingane sine, då dei har fått tilbod om fast arbeid i andre verksemder.

Samfunnsplanleggaren slutta 5. april, medan byggesakshandsamaren kjem til å slutte 1. mai.

Fast tilsett byggesakshandsamar har også signalisert at ho kjem til å seie opp, då ho har fått tilbod om jobb i heimkommunen Vågsøy.

Frå 1. mai vil konstituert plan- og utviklingssjef sjølv måtte handsame alle byggjesaker. Samstundes har han også ansvar for eit av hovudprosjekta i Stad2020, tilsvarande ei 20 % stilling.

Prosjektleiar har sagt opp

Plan- og utviklingsavdelinga i Eid har i dag ikkje tilsette med formell kompetanse/kapasitet innan samfunnsplanlegging.

I tillegg til dette har også ein av prosjektleiarane, som er tilsett i sentraladministrasjonen, sagt opp stillinga si, då han har fått tilbod om arbeid i heimekommunen Gloppen. Vedkomande har mellom anna hatt ansvar for reguleringsplanen for skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid og bustadfeltet i Torvika.

Samla sett gjev desse oppseiingane ein sterk reduksjon i sakshandsamingskapasiteten framover.

Når det gjeld private plansaker, hovudsakleg reguleringsplanar er det lovpålagde sakshandsamingsfristar som gjer at denne typen saker må prioriterast framfor dei kommunale planbehova.

Rådmannen understrekar at dei vil legge stor vekt på at private utbyggjarar ikkje skal verte skadelidande som følgje av redusert sakshandsamingskapasitet.

Inga krisestemning

Trass i betydelege utfordringar på bemanningssida, er det ikkje teikn på krisestemning i kommuneleiinga.

At så mange er ute i permisjon samstundes i ei lita avdeling er spesielt, og at tre vikarar seier opp gjer det vanskeleg. Rådmannen har imidlertid ikkje grunn til å tru at det har med arbeidsmiljø eller sterkt arbeidspress å gjere at ein no står i ein utfordrande bemanningssituasjon. Krogsæter peikar på folk sin livssituasjon og at ein gjerne vil bu nærare heimstaden, og ho har stor forståing for at folk som er inne i korttidsvikariat takkar ja når dei får tilbod om faste stillingar. Dette er attraktiv arbeidskraft som er etterspurt i kommunane. Rådmannen seier at dei alltid har samtalar med dei som seier opp, for å kartlegge om det har samanheng med arbeidsvilkåra. I ei lita avdeling er det gjerne berre ein eller få personar som jobbar på kvart saksområde, og av og til når folk er ute i permisjonar må ein leige inn ekstern kompetanse.

Plan- og utviklingsavdelinga i Eid har fått mykje ros og ligg heilt i toppen på landsbasis på kommunebarometeret, på 2. plass når det gjeld saksbehandlingstid for byggesaker.