I Selje kommunestyre vart det onsdag ein heftig diskusjon om kva som låg bak.

Ultimo Eiendom AS frå Stadlandet hadde lagt inn bod på 675.000 kroner, men dei trekte bodet fordi dei meinte prosessen har vore uryddig.

– «Vi har hatt oppklaringsmøte med rådmann og vi har snakket med enkelte politikere og brukt mye energi på å få klarhet i denne saken. Etter hvert erfarer vi at det som skulle være et kjekt prosjekt, har endt opp i et politisk spill for å beholde tomta som vi trodde var vår. Hvis vi hadde blitt nummer to, ville vi fått sjansen til «omkamp»? Beklageligvis så tror vi ikke det, skriv Heming Drage i Ultimo Eiendom AS i ein e-post til Selje kommune.

Kjenner seg ikkje igjen

Ordførar Stein Robert Osdal kjenner seg ikkje igjen i kritikken.

– Eg har ikkje vore med på politisk spel. Kvernevik har ikkje vore lova nabotomta, men les ein mellom linjene så kan dei ha vore i god tru. Kvernevik har allereie eit prosjekt der oppe, forklarte Osdal.

Fleire skulda ordføraren for å ha hatt møte om saka, utan at alle ha vore informert.

– Når enkelte politikarar blandar seg inn i prosessen undervegs, så syns eg det er særs uryddig. Men de har ingenting for seg å avlyse heile salet. Vi vil ønskje Kvernevik hjarteleg til lykke med Vestkapp. Men eg kritiserer prosessen som har vore i saka. Før vi sel ei flis meir så bør rådmannen få på plass reglar for sal av offentleg eigedom så vi slepp å kome i same situasjon igjen, sa Gunn Sande.

Storm i vassglas

– Ærleg tala, her dukkar det opp informasjon undervegs. Då forstår eg at nokon meiner det har gått føre seg noko spel som vi andre ikkje har peling på, konstaterte Marita Aarvik.

– Dette er storm i eit vassglas. Eg har hatt litt dialog med Oddbjørn Kvernevik heilt sidan eg vart ordførar. Det vi jobba med var om det var mogleg å få til eit kompromiss fordi her var to interessentar. Kvernevik må ha meir areal for å ekspandere. Vi kunne risikere at det vart konfliktfylt på Vestkapp, påpeikte Osdal.

– Om han (Heming Drage) vil ha kritikk mot kommunen så tar eg den. Men intensjonen min var å få ei løysing alle kan vere med på. Målet mitt var å få mest mogleg samrøystes på ei så viktig sak, sa Osdal. Han syntest kritikken frå Sande og Aarvik var urettferdig, og antyda at angrepet var tatt heilt ut av dimensjonar.