– Vi er mildt sagt letta. Heile draumen vår var avhengig av å få kjøpe denne tomta, strålar Kristina Myrseth og Oskar Joakim Kvernevik. Dei var svært glade for å få ståande applaus frå kommunestyret.

Onsdag var det eit samrøystes Selje kommunestyre som sa ja til at Kvernevik Holding AS får kjøpe tomta på Vestkapp til 660.000 kroner.

Overnatting og oppleving

På kort sikt er det snakk om å få i gang restaurantdrift i Vestkapphuset, som har vore stengt siste åra. Dei langsiktige planane er å utvikle Vestkapp med overnattingstilbod, opplevingssenter med storstove og aktivitetar.

– No set vi i gang med forprosjektet for fullt. Det har vore ein lang prosess fram til i dag, men essensen i draumane har vore der i 15 år, fortel Oskar Joakim. Det var foreldra hans som dreiv Vestkapphuset.

– No vil vi ta Vestkapp til nye høgder, og vi har med Kristina som har stor glød for Vestkapp, seier han. Sjølv har han budd i ni år i Hjelmelandsdalen i Eid, der han har kone og tre barn. Kristina flyttar på si side heim frå Bergen til Selje no i mai – med sin sambuar.

Matfylket Sogn og Fjordane

– Vestkapp er eit heilt spesielt reisemål, som eg brenn sterkt for, seier Kristina, som har vore i kokkeyrket i Stavanger og Bergen i mange år.

– No flyttar eg heim, og ønskjer og skape eit fagmiljø som eg ser dei no har fått til på Nordfjordeid og på Kraftstasjonen i Måløy. Håpet er å få positive ringverknadar, og at eg kan vere med å skape matfylket Sogn og Fjordane, fortel ho. Kokken ser for seg lokale smakar på Vestkapp.

– På lenger sikt skal vi få til eit overnattingstilbod, bygge opp merkevara Vestkapp til heilårsdrift, og skape årsverk, seier ho.

Turistjakt

Dei vil jakte etter både nasjonale og internasjonale turistar.

– Trenden er at turistar søkjer natur og opplevingar, og natur og vêr har vi definitivt på Vestkapp, smiler Kristina.

Dei ser for seg at det vert bygd flotte utsiktsrom, der turistane kan sjå ut på storhavet.

– Dette har vi klokkartru på, seier Oskar Joakim.

– Vi har ikkje svar på alt, men skal bruke tida framover og trekke til oss investorar og folk som kan ha gode idear over kva vi vil folk skal oppleve her ute. Vi ser for eksempel for oss ein simulator, kanskje der ein kan køyre båt gjennom Skipstunnelen. Vi kan ha visningsrom for Stad skipstunnel. Poenget er at vi må ha tilbod for heile året, seier han.

spektakulært utsiktspunkt

– Vi tenkjer oss også eit spektakulært utsiktspunkt, og ser viktigheita av å ha arkitektar som er spesialistar på dette, så det går i eitt med naturen, seier Kristina.

– Talet turistar aukar. Norge har størst vekt på gjestedøgn i forhold til landa rundt. No legg også turistar igjen meir pengar. Her er eit enormt potensial. Dei 400.000 turistane som ligg i Loen og kosar seg må vi få ut til oss. Vi tenkjer oss at Vestkapp skal bli så stort at vi skal klare det. Vi må tenkje stort. FjordNorge er i siget, og her i Nordfjord har vi alt i ein fjord–med fjord, kyst og fjell. Vestkapp skal bli viktig i den samanheng, samtidig som vi har surfing og klosteret som merkevare, seier dei som ser for seg Vestkapp som eit fyrtårn.

– Vi må spele på kvarandre, og gjere kvarandre gode. Loen Skylift var ein spenstig ide, og kva dei har fått til der inne i fjorden er veldig imponerande. Vi har tru på at også Vestkapp skal bli ein turistmagnet, seier dei.

Ordførar Stein Robert Osdal og Marita Aarvik var mellom gratulantane etter at det var klart at Kvernevik Holding får kjøpe tomta på Vestkapp. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes