Når det gjeld kommunale reguleringsplanar, vil ein prioritere framdrifta i dei planarbeida som allereie er starta opp.

Det er gjort vedtak om regulering av bustadområde på Hjelle og Haugen. På Hjelle vert det arbeidd med avklaringar kring grunnerverv. Når dette er på plass, kan ein lyse reguleringsarbeidet ut på anbod. Planarbeidet er finansiert. På Haugen er oppstart av regulering avhengig av rullering av arealdelen. Kommunen har kompetanse til å gjennomføre desse prosessane, men kapasiteten er sterkt redusert grunna bemanningsreduksjonen.

Ekstern konsulent

Det er overordna planar som krev kompetanse innan samfunnsplanlegging som er sterkast råka av personellmangel.

Administrasjonen vurderer det som uaktuelt å lyse ut vikariat som planleggar for berre eit halvt år. Dei vil i staden nytte innsparte lønsmidlar til å leige inn ekstern konsulent.

– Vi ønskjer ei politisk prioritering mellom dei overordna planarbeida, då tilgjengeleg økonomi ikkje vil halde til fullføring av alle planane, poengterer rådmannen.

Må prioritere

Rådmannen sitt framlegg er at vidare arbeid med overordna planverk vert prioritert slik:

1. Avgrensa revisjon – arealdel Nordfjordeid.

Her vil manglande planverk få umiddelbare konsekvensar for næringsutvikling i kommunesenteret. Regionale planføresegner set ein stoppar for vidare utvikling av handel og kjøpesenter på Nordfjordeid. Sentrumskjernen må avgrensast gjennom arealdelen, elles vert dette ein hemsko.

2. Avgrensa revisjon – arealdel Haugen. Planen er avgjerande for vidare bustadbygging på Haugen. Det er berre tre ledige tomter i Løkjastranda, ei av desse er vanskeleg å byggje på. Det er også 2–3 ubebygde tomter i private bustadfelt.

3. Klimatilpassingsstrategi for Eid kommune. Denne strategien vil vere grunnlag for anna planarbeid i framtida, men på kort sikt er konsekvensar av utsetjinga ikkje så prekær som for punkt 1 og 2.