Det var i møtet i Fylkestinget tysdag at det vart vedteke at det ikkje skal peikast ut noko regionssenter i Nordfjord. Nordfjord har ikkje eit dominerande regionsenter, men fleirkjernestruktur med Måløy, Eid, Sandane og Stryn som jamstilte bu – arbeids – og serviceregionar (BAS-regionar). Samtidig skal Nordfjord også ha regionsenterfunksjonar, går det fram i vedtaket.

Fylkestinget vedtok også at Førde er fylkessenter og naturleg lokaliseringsstad for offentlege og private tenester som dekker heile fylket. I tillegg vart det vedteke at Sogndal er regionsenter i Sogn og at Florø er regionsenter på kysten. Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn, Måløy, Sandane, Dale, Høyanger og Årdal er senter i BAS – regionane, heiter det i vedtaket i Fylkestinget.