Det vedtok fylkestinget i ein uttale tysdag. Regjeringa sitt ekspertutval la fram si innstilling 1. februar, og rapporten deira ligg no ute på høyring.

Makt og midlar

I vedtaket peikar fylkestinget på at det var ein premiss for regionreforma at fylkeskommunen skulle få fleire oppgåver, og politikarane forventar difor sterkt at Stortinget følgjer opp dette. I tillegg understrekar dei at det må følgja makt og midlar med dei nye oppgåvene. Dei foreslår også overføring av fleire oppgåver og mynde, som næringsorientert verksemd, internasjonalisering og mynde innan akvakultur.

– Når Stortinget meiner det er behov for større og sterkare fylkeskommunar, og har vedteke å halvere talet på fylke, så er det deira ansvar å følgje opp. Stortingspolitikarane må syte for at fylkeskommunane får større oppgåver og økonomiske musklar og makt til å fylle den nye rolla, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Desentralisering

Fylkesordføraren meiner ekspertutvalet har vore modige og lagt fram ein ambisiøs rapport, som tilrår å flytte oppgåver til 24 milliardar kroner og nærare 5000 årsverk frå staten til fylket. Fylkestinget slår fast at dette inneber desentralisering av makt, tydeleggjering av politisk ansvar og utvikling av det regionale demokratiet.

– Oppgåvereforma er nødvendig for å møte krava til omstilling i eit samfunn med stor og akselerande forandring. Vi treng eit sterkt, vitalt og dynamisk folkestyre, og det er på høg tid at statleg detaljstyring og silotenking blir erstatta av demokratisk folkevald styring, seier Jenny Følling.

Les heile høyringsuttalen frå Sogn og Fjordane fylkeskommune:

1. Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar dei prinsipp og vurderingar som ekspertutvalet har lagt til grunn i si innstilling knytt til overføring av nye oppgåver til fylkeskommunane.

Overføring av oppgåver til regionalt folkevald nivå er ein viktig og uttalt premiss frå Stortinget for heile regionreforma.

For Sogn og Fjordane fylkesting sitt vedtak om samanslåing med Hordaland, låg overføring av oppgåver frå stat til fylke som ein premiss. Vi har derfor sterk forventning om at Stortinget følgjer opp eigen intensjon i vidare handsaming av saka.

2. Ekspertutvalet sitt framlegg til overføring av oppgåver vil styrke fylkeskommunane sine moglegheiter til å lukkast som regional samfunnsutviklar. Framlegget inneber desentralisering av makt, tydeleggjering av politisk ansvar og utvikling av det regionale demokratiet. I den vidare prosessen er det avgjerande viktig at dei nye folkevalde regionane blir sett økonomisk i stand til å utføre desse oppgåvene.

3. Sogn og Fjordane fylkeskommune føreset ei samla vurdering av ekspertutvalet sitt forslag i Stortinget, som ei eiga heilskapleg sak om desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunane.

Fleire oppgåver:

4. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner Stortinget – i tillegg til å overføre statlege oppgåver til regionalt folkevalt nivå slik ekspertutvalet si innstilling føreslår – særleg må følgje opp at:

a) Det kjem snarlege avklaringar og vert ein ryddig og oversiktleg prosess knytt til overføring av sams vegadministrasjon til det regionale folkevalde nivået. Dette er også viktig for fylkeskommunane i eit arbeidsgjevarperspektiv.

b) Fylkeskommunane får delegert meir mynde i sakshandsaminga av akvakultursaker.

c) Den næringsorienterte delen av Fylkesmannen si verksemd i sin heilskap vert over ført til fylkeskommunane.

d) Forvaltning og drift av vassregionane skal framleis ligge til nye folkevalde regionar

5. Sogn og Fjordane fylkeskommune ber om at det vert utgreidd overføring av fleire oppgåver som ligg tett opp til oppgåvene som alt er føreslegne overførte , og oppgåver som krev samordning og elles er innanfor dei prinsipp ekspertutvalet har lagt til grunn. Vi vil særs kilt peike på følgjande :

a) Utgreie å gje fylkeskommunane ansvaret for regional samordning innan brann- og ulukkeberedskap.

b) Utgreie fylkeskommunen sitt viktige ansvar for internasjonalisering.