Folketalet i Eid har auka med fem prosent sidan 2005. Ei jamn auke dei siste tolv åra, frå 5766 innbygjarar i 2005 til 6157 i dag. Av det totale folketalet i dag er 678 innvandrarar, eller barn av innvandrar. Og det er særleg dei ti siste åra at andelen innvandrar i Eid har auka.
Dobling på åtte år
I 2010 var det 320 innvandrar og barn av innvandrarar i Eid kommune. I dag er dette talet blitt meir enn dobla, då det bur 678 av same kategori i kommunen no. Innvandring utgjer difor hovudgrunnen til at folketalet i Eid kommune aukar. Talet på fødde har gått nedover, og sidan 2011 har også talet på døde gått nedover. Fødselsoverskotet blir dermed halde oppe fordi færre dør. Ei årsak til færre døde kan vere låge fødselstal i åra rett før 2. verdskrig.
Negativ innanlands innflytting
Ser ein av innflytting til Eid kommune frå resten av landet har denne hatt negativt forteikn i 67 prosent av åra sidan 2002. Dei siste femten åra har Eid hatt ei netto innflytting innanlands på minus 276. Desse tala innheld sjølvsagt også innvandrarar i kommunen som flyttar til andre stadar i landet. Men truleg er det også ein stor andel utflytt unge menneske som ikkje kjem tilbake til kommunen for å busette seg.
Arbeidsinnvandring
Ei viktig årsak til auke i folketalet i Eid dei siste ti åra er auke i arbeidsinnvandring frå Europa. I dag bur det heile 200 menn og deira barn frå Europa i kommunen. Og over 140 kvinner med eller utan barn frå Europa. Når det gjeld menn inneheld talet på 200 også mange einslege som kjem for å arbeide i Norge.
Polen på topp
Polen er det landet som er sterkast grad har bidrege med folkeauke i Eid kommune dei siste åtte åra. I 2010 budde det 46 polakkar i Eid, i dag er 144 polakkar busette i kommuen. Ei auke på heile 98 personar frå Polen på åtte år. På landbasis utgjer polske innvandrarar rundt 67 prosent menn. Overført til Eid skullle det bety at det bur rundt 96 polske menn i kommunen i dag. Dette er menn som kjem til Norge og Eid for å skaffe seg arbeid. Motivasjonen for mange er høgare inntekt enn i heimlandet.
Starta i 2008
2008 var det året då innvandringa til Eid kommune byrja på ein kraftig oppsving. Og etter 2010 kom den heilt store innvandringseksplosjonen. Berre dei siste åtte åra har innvandringa auka med 358 fleire personar, innvandrarar og deira barn. Dette er meir enn det innvandringa auka dei siste førti åra før det. Frå 1970 til 2010 blei det 295 fleire innvandrarar med barn i kommunen. Innvandrarar og deira barn i Eid kommune: (Busette frå 1970)
1970: 25 personar
1980: 44 personar
1990: 171 personar
2000: 186 personar
2010: 320 personar
2018: 678 personar
Kvinner frå Asia
Nedst etter menn og kvinner frå Europa, er det innvandrararkvinner frå Asia som har auka mest dei siste åtte åra. Faktisk har det her vore ei dobling berre dei siste fem åra. I 2013 var det 39 kvinnner frå Asia, inkludert Tyrkia, og deira barn som budde i Eid kommune. I år er dette talet blitt 89. Altså over ei dobling på berre fem år.
Innvandrar i Eid, og barn av innvandrarar 2018 (2010 i parantes). Etter ulik landbakgrunn:
1. Polen 144 (46) +98
2. Syria 61 +61
3. Eritrea 50 (10) +40
4. Somalia 44 (17) +27
5. Nederland 32 (20) +12
6. Litauen 30 (13) +17
7. Island 28 (16) +12
8. Sverige 19 (17) +2
9. Afganistan 18 (7) +11
10. Fillipinene 17 (7) +10
11. Latvia 16 +10
Thailand 16 (6) +10
12. Tyskland 15 (15) +0
Russland 15 (17) +2
13. Tyrkia 13 (5) +8
14. Burundi 12 (13) -1
15. Storbritannia 11 (13) -1
16. USA 8 (5) +3
16.Romania 8 +8
17. Kina 7 (5) +2
18. Ungarn 6 +6, Ukraina 6 (5) +1
19. Frankrike 5 +5, Kosovo 5 +5
Serbia 5 +5
20.Bulgaria4+4, Hellas 4 +4Libanon 4 +4
21. Finland 3 (4) -1, Belgia 3, Italia 3, Portugal 3, Spania 3, Libanon 3, Libya 3, Irak 3, Turkmenistan 3, Costa Rica 3 og Mexico 3.