Den mellombelse nettstaden, vlfk.no, skal eksistere fram til det nye storfylket er i drift 1. januar 2020. Her vil du finne nyheiter, oversikt over dei politiske utvala, møte og dokument, tal og fakta om det nye storfylket.

Ny, sams nettstad for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar: www.vlfk.no – Dette er starten på noko nytt, nettstaden vil vere med på å bygge identiteten til det nye fylket her i vest, seier Ingvild Ramstad, informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.Viktige målgrupper for nettstaden er innbyggjarane i dei to fylka, politikarar, tilsette i fylkeskommunane og tillitsvalde, og kommunane og andre samarbeidspartar.– Det er ein stor og viktig reform, og vi ønsker med dette å gjere informasjonen lett tilgjengeleg og oversiktleg for alle, seier Janne Værnø, kommunikasjonsdirektør i Hordaland fylkeskommune.Ny fylkesrådmann og nytt fylkesvåpen

På nettstaden vert nyheiter om både tilsetting av ny fylkesrådmann og konkurransereglane for nytt fylkesvåpen snart presentert. Nettstaden vi og følge dei politiske møta knytt til samanslåinga. Alle nyheiter og fakta som bli publisert her vil samstundes bli publisert på hordaland.no og sfj.no.Men det er viktig at det er mogleg å finne all informasjon ein stad understreker kommunikasjonsleiarane.– Dette er ein levande nettstad der vi vil fylle på med relevant informasjon etter kvart som brikkane i regionreforma fell på plass, seier Ingvild Ramstad og Janne Værnø.