Politiet vart i går ferdige med sine undersøkingar ved Strandanipatunnelen,og har frigitt påhogg i aust slik at anleggsarbeidet kan halde fram, opplyser Statens vegvesen.

Dei to arbeiderane som var involvert i hendinga er no gått ut i ein planlagd friperiode, ingen av dei er sjukmeldt.

Sprengstoff

Det var under arbeid med å sprenge ut forskjeringa på austsida av tunnelen at det vart bora på gammalt sprengstoff, og to menn vart sende til legevakta med lettare skader. Arbeidet på forskjeringa vart sett på vent inntil politiet no har gitt klarsignal. Tunneldrivinga inne i tunnelen vart ikkje stogga.

No har politiet gjort sine undersøkingar og snakka med dei som var med på hendinga. Arbeidstilsynet er også involvert.

Strandanipatunnelen er eit rassikringsprosjekt på fylkesveg 633 ved Kleiva, mellom Årvik og Honningsvåg på Stadlandet.