Det seier Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS, til Fjordabladet.

Din Bustad AS har eit tett og godt samarbeid med Bødal og Næss Bygg AS, som har snikkararbeidet på bygga som Din Bustad legg ut for sal. I løpet av våren legg dei siste hand på firmaet sin første bustad i Hogaåsen, ein einebustad på rundt 170 kvadratmeter, der alt er samla på eitt golv.

Opsjon på ei tomt

– Vi har sikra oss ein opsjon på ei tomt vest for den bustaden som vi no er i ferd med å ferdigstille. Denne er lagt ut for sal på Finn.no, seier Vegard Meland som har fleire byggeprosjekt på gang i Eid.

–Dei bustadane vi no har under bygging på Nordfjordeid er ein bustad på Skårhaug, ein i Huldresvadet, den som eg allereie har nemnt i Hogaåsen. I tillegg har vi eit prosjekt i Stryn. Det som blir spennande no er å starte på utbygginga på Golvsengane.

Ungt selskap

Din Bustad AS er eit ungt selskap. Det vart etablert i 2016. Trass i at selskapet berre har eksistert i to år, har dei bygd ut for 32 millionar kroner allereie.

– For oss er det viktig å bygge opp ei solid bedrift med god kompetanse på det vi held på med. Difor går alt vi tener på dei byggeprosjekta vi utfører, til utvikling av nye prosjekt, seier Vegard Meland og legg til at Din Bustad har to tilsette. Det samarbeidande selskapet Bødal og Næss Bygg AS har fem tilsette, av desse to lærlingar.

Golvsengane

Prosjektet som Din Bustad har planlagt på Golvsengane skal etter planen settast i gong mai. Dette byggeprosjektet som ligg tett opp mot barnehage og skule, og som slik sette er veleigna for familiar med born i barnehage og skule.

– Vi ventar no på byggeløyve for dette prosjektet. Samla skal det bli ni leilegheiter fordelt på tre tomannsbustader og ein tremannsbustad. Bustadane ligg midt i løypa for skule og barnehage, seier Meland som sjølv bur i det same området.

Forankra i Nordfjord

Ifølgje Vegard Meland er Din Bustad godt forankra i Nordfjord.

– Din Bustad AS har no overtatt området Vågsøy, Selje og Bremanger for Bolig Partner. Bustad Partner hadde tidlegare eigen leverandør i dette området, noko som vi no har tatt over. Det betyr at vi kan tilby hus og hytter i heile Nordfjord, seier han.

Tre opsjonar

Eid kommune opplyser til Fjordabladet at tre entreprenørar i tillegg til Din Bustad AS har opsjonar på tomter i Hogaåsen. Dei andre to er Opal Entreprenør og Sølvberg Bygg AS.

Reglane er slik at Eid kommune skal ha tilbakemelding innan tre månader om det blir byggestart. Etter tre månader fell opsjonen bort.

Utsikt: Snart vil huset i bakgrunnen vere ferdig til levering. Øvst i Hogaåsen har Bjørn Kåre Moen, som er byggherre, ei fantastisk utsikt. Frå venstre: Nikolai Hundvik, Kristian Stokkenes, Gunnar Arne Næss, Torgeir Melheim, Vegard Meland og Svein Lasse Bødal. Foto: Tormod Flatebø
Myklebustmarka: Rekka med hus ovanfor Golvsengane barnehage er planlagt byggestart på i mai månad. I tillegg til utsikt og gode solforhold ligg desse bustadane rett i løypa for skule og barnehage, seier Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS, som står for utbygginga av området. Foto: Din Bustad AS
Golvsnegane: Slik blir fasaden på leilegheitene på Golvsengane sjåande ut. Planen er å bygge tre tomannsbustader og ein tremannsbustad. Totalt ni leilegheiter. Foto: Din Bustad AS