–Å utvikle og styrkje lokaldemokratiet er ein viktig målsetjing for alle kommunar. Vi ønskjer å gje innbyggjarane gode moglegheiter for demokratisk deltaking, men skal vi lukkast med å skape eit sterkt lokaldemokrati må vi saman med innbyggjarane ta ansvar for at det skjer. Eit demokratisk og rettferdig samfunn føreset engasjerte innbyggjarar som aktivt deltek i viktige politiske avgjersler. Kjem rekruttering til og motivasjon for politikk i ubalanse, vert lokaldemokratiet svekka.

Kjønnsbalanse

Det var Siri Sandvik, Ap-politikar i Eid, som kom med ideen om å arrangere eit folkemøte, der lokaldemokrati, kjønnsbalanse i politiske organ, og eit breiast mogleg folkeleg engasjement skulle vere tema.

–Eg høyrer mange seie, når eg spør folk om dei kan tenkje seg å engasjere i politisk, at politikk er for politikarar og at dei får drive på med sitt. Mitt poeng er at politikk vedgår oss alle. Det som blir bestemt politisk vedkjem oss i vår kvardag. Difor meiner eg det er viktig at folk har ei meining om ting, ikkje berre kommentere det dei les i avisa eller høyrer på radio. Det er viktig at synspunkta kjem fram før dei blir avgjort politisk. Det same gjeld når vi snakkar om kjønnsbalanse i politiske organ. Det er ikkje bra at vi har så mannstunge kommunestyrer og politiske utval som det vi har i Eid og Selje. Når vi no skal bygge ein n y kommune, er dette noko vi kan sette på dagsorden og gjere noko med, seier Siri Sandvik legg til at det er urovekkande at 70 prosent av alle kvinner som engasjerer seg i politikk trekk seg etter ein periode.

etter ein periode.

Val og lister

–Vi har ikkje meir enn tida og vegen. Difor invitere vi alle i Eid/Selje og våre nabokommunar til eit avspark for framtidas lokaldemokrati, der vi i fellesskap drøftar kva som skal til for å få opp engasjementet for politisk deltaking. Ikkje minst gjeld dette i høve til valet som vi skal gjennom om litt over eitt år. Vi veit at dei politiske partia skal sette opp sine lister, og det tek litt tid. Nettopp dette er ein viktig del av lokaldemokratiet, sa Åslaug Krogsæter, prosjektleiar for Stad 2020 og rådmann i Eid.

Føredragshaldarar

Under Kick-off for lokaldemokratiet vert innlegg, betraktningar og diskusjonar med forskar ved Rokkansenteret Bjarte Folkestad, Fylkesmann Anne Karin Hamre, rikspolitikar Hadia Tajik og lokalpolitikarar frå Nordfjord. Hovudtema for paneldebatten vert: «På tide å kvinne seg opp. Korleis få betre kjønnsbalanse i folkevalde demokratiske organ?» Debatten vert leia av prosjektleiar og rådmann for nye Stad kommune Åslaug Krogsæter.

–At fylkesmann Anne Karin Hamre tek turen til Operahuset denne kvelden er ikkje minst viktig. Ingen kjenner situasjonen rundt om i Sogn og Fjordane betre enn henne. Ho har vore på det meste av diskusjonar om kommunesamanslåing, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.

Politisk kafé

I etterkant av arrangementet i operasalen vert det «politisk kafé» i foajeen på Operahuset her blir det høve til å bli kjende på tvers av politiske parti, på tvers av kommunegrenser, og ikkje minst moglegheit for deg som innbyggjar til å få informasjon om korleis du kan vere med å byggje framtida.

Tormod Flatebø