Kommunevåpen for Stad kommune

Tilrår hav/fjord/vatn og bølgjer som tema

Namnenemnda tilrår hav/fjord/vatn og bølgjer som tema for kommunevåpen i nye Stad kommune. Dei peikar på at det er eit allment og ope tema som gjev stort spelerom for kunstnarleg utforming. Dette er også ein fellesnemnar for begge kommunane.

Fjordhest som surfar er eitt av mange forslag til nytt kommunevåpen for Stad kommune. 

Nyhende

Namnenemnda har i perioden januar-mars 2018 henta inn forslag frå innbyggjarane på kommunevåpen for den nye Stad kommune. Nemnda har arbeidd med utgangspunkt i fellesnemnda sitt vedtak om å ha ei open idemyldring kring tema for det nye kommunevåpenet.  Dei har hatt ein brei prosess der ein mellom anna har invitert skular og barnehagar til å engasjere borna med kommunevåpenteikning.

Over 80 personar har levert inn forslag på kommunevåpen. Her er det folk frå Selje og Eid, men også andre interesserte. I talet her er inkludert dei elevane på Eid vidaregåande skule som har sendt inn forslag. I tillegg har namnenemnda fått inn nærare 400 forslag frå born i skular og barnehagar i kommunane.

Det er særleg fire tema som peikar seg ut mellom dei innkomne forslaga. Desse er St. Sunniva, vikingskip, fjordhesten og hav/fjord/vatn og bølgjer. I tillegg er det fleire med hjarte, venskap, natur, klosteret, skipstunnel, olivin og landskap.

Namnenemnda har i møte den 22. mars 2018 vurdert dei innkomne innspela, og dei har gjort slikt samrøystes vedtak:

«Nemnda sitt forslag er at hav/fjord/vatn og bølgjer er eit allment og opent tema som gjev stort spelerom for kunstnarleg utforming. Dette er også ein fellesnemnar for begge kommunane.»

Mange innspel

Det er kome inn svært mange innspel frå skular og barnehagar. Det er eit ønskje frå nemnda at ein inviterer skulane og barnehagane til eit fellesarrangement i Operahuset der ein kan ha utstilt alle innspela dei har kome med og samstundes gje dei ei oppleving.

Namnenemnda meiner også at ein bør ha ei premiering av dei enkeltvise innspela, og tilrår at dette blir gjort i tråd med den premieringa som vart gjort då kommunenamnet vart valt, dvs. ein premie på 10.000 kroner som blir trekt blant dei innspela som har det valde temaet, og der premien skal gå til ein valfri, lokal frivillig organisasjon.

Vil invitere designarar

Dersom Fellesnemnda gjer vedtak om tema for kommunevåpenet, er neste steg for namnenemnda å invitere minst tre designarar til å komme med forslag på kommunevåpen med utgangspunkt i det valde temaet. Nemnda tilrår ein sum på minimum 8.000 kroner til kvar av tilbydarane, men der den som vinn får eit noko høgare beløp, til dømes 20.000 kroner. Namnenemnda tilrår også at tilbydar må ta utgangspunkt i dei gjeldande heraldiske reglane for kommunevåpen.