Statens vegvesen set også i år fokus på trafikksikkerheit for russen, og vil at alle russ skal ha ein trygg og fin russefeiring. Allereie denne veka tar dei imot russebilar til kontroll.

– Vi ønskjer å samarbeide om trafikksikkerheit i russetida ved kjøp og ombygging av russebilar og russebussar, opplyser vegvesenet. Arrangementet går over sju dagar frå 18. april. Dette for at dei som ikkje stettar krava til ”oblat”, kan få høve til å rette opp desse til sjølve kåringa torsdag 26. april.

Premiane er 1. plass 3.000 kr, 2. plass 2.000 kr, 3. plass 1.000 kr.

Russebileigarane må ta kontakt med trafikkstasjonen på Nordfjordeid for å få time til gjennomgang av russebilen.

– Vi oppmodar alle eigarar/medeigarar av russebilen møter opp og blir med på gjennomgangen, heiter det i invitasjonen frå vegvesen. Dei kan melom anna hjelpe med kjøp og sal av russebil, ombygging og gratis kontroll av russekøyretøy.