Venstres landsmøte

Rotevatn attvald i sentralstyret

Statssekretær i Justisdepartementet Sveinung Rotevatn, frå Eid, vart attvald i Venstre sitt sentralstyre.

Sveinung Rotevatn vart attvald til sentralstyret under Venstre sitt landsmøte på gardermoen i helga.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Venstre-leiar Trine Skei Grande og nestleiarane Terje Breivik og Ola Elvestuen vart samrøystes attvalde under valet på landsmøtet.

Statssekretær i Justisdepartementet Sveinung Rotevatn, Guri Melby frå Oslo og Ida Gunning Johnsen frå Bodø i Nordland blei samrøystes valde inn i Venstres sentralstyre. Valkomiteen hadde innstilt tidlegare stortingsrepresentant Pål Farstad frå Møre og Romsdal til sentralstyret. Han blei utfordra av Petter N. Toldnæs, leiar i Agder Venstre, landsstyremedlem og møtande i sentralstyret som første vara. Toldnæs gjekk sigrande  ut av valet, med 114 mot 95 stemmer.