I Fjordabladet 27.05.1982 kan vi lese om norske Esso som hadde planar om å bygge ny bensinstasjon på Nordfjordeid. Planane gjekk ut på å plassere stasjonen på ei steinfylling tett ved krysset mellom riksveg 15 og Sjøgata, like sør for Sjøsanden Kro. Eid bygningsråd hadde ingen merknader til at det blei arbeidd ut reguleringsframlegg i samsvar med skissa frå Esso. Vegsjefen kravde at tilkomst til stasjonen skulle teiknast inn frå Sjøgata som var kommunal veg.

I bygningsrådet sitt vedtak var det tatt med som ein føresetnad at trafikktilhøva blei lagt til rette for at det blei tilkomst til arealet som kjem vest for fyllinga vidare mot småbåtmoloen.

I dag ligg det utfylte området vakkert til mellom riksveg 15 og Sjøgata. Her er det stor aktivitet med bedrifter som Normatic, Esso og Magnifikk. Eid Fjordvarme har også ein viktig driftsbygning her. Området er nærmaste nabo med Sagaparken på den andre sida av kanalen. Her er det planar om samanbinding med ei bru nær Magnifikk.

Idyllisk: I 1982 kunne det også vere idyllisk langs fjordkanten.
Endring: Eit område av Eid som har vore gjennom stor endring.