Søknad om breibandutbygging

Eid kommune opplyser på sine nettsider at dei vil søkje om statleg tilskot til utbygging av breiband.

Eid kommune vurderer å sende søknad om fiberutbygging i dei blå områda på kartet.  Foto: Kart frå Eid kommune om fibersøknad

Nyhende

Kommunen vurderer å levere søknad som dekkjer området frå Nordfjordeid sentrum og inn til Hornindalsvatnet og vidare inkludert grendene på sørsida av Hornindalsvatnet innover til og med Skaugset.

Strekninga Os, Taklo og Strand mellom Nordfjordeid og Hundeide, samt Hjelmelandsdalen vil også bli vurdert teke med i søknaden i tråd med vedtak om vidareføring av søknad frå 2017 gjort i formannskapet og kommunestyresak i november 2017.

Eitt av krava til søknaden er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ynskjer å uttala seg til høyringa må gjera dette innan 05.05.2018.