Tre gebyr

Under ein kontroll Statens vegvesen hadde på Nordfjordeid fredag vart det skrive ut tre gebyr for manglande bruk av sikkerheitsbelte og eitt gebyr for ikkje å ha med førarkort. Totalt vart det 630 køyretøy kontrollerte i kontrollen som hadde fokus på bruk av sikkerheitsbelte.